Hjem
Det medisinske fakultet

Med verda som arbeidsplass

Forskarane på Senter for Internasjonal helse er ikkje som andre forskarar. Dei jobbar like bra frå eit flysete som frå kontorstolen.

Lufta er tung og fuktig inne på Dar Salaam International Airport, ein sein haustkveld i september. Flyet frå Amsterdam har landa, og køen av visum-søkande menneske er lang. Svært lang. Men ein høg mann står langt framme, han var kjapt ute av flyet og tok lange, raske steg i rett retning. Dette har professor Bjarne Robberstad gjort før.

No er det hans tur til å betale 50 amerikanske dollar for eit visum til Tanzania. Vakten bak den oppskrapa luka ser konstant skeptisk ut, heilt til Robberstad startar å snakke. På swahili. Dei humrar og ler, og resten går som som varm kniv i smør.

-Det går mot slutten

-Eg lærte swahili på slutten av 80-talet, då eg kom til Tanzania på jobb for Fredskorpset, fortel Bjarne Robberstad, som no er professor i helseøkonomi ved Senter for Internasjonal helse ved UiB.

-Den gong var eg einaste nordmann i akkurat det området, og ingen snakka engelsk, seier han med eit smil. –Swahili vart det, måtte bli sånn.

Sidan har det blitt mange jobbturar til Afrika. Denne gongen reiser han ned med ein delegasjon frå UiB for å ha eit siste møte i dette NOMA-prosjektet. Ein stafettpinne skal leverast vidare. –Dei må gå for eigen maskin no, fortel han. Robberstad er ikkje skråsikker på korleis dette vil gå.

NOMA (Norad's Programme for Master Studies) har som føremål å støtte utvikling og drift av mastergradsprogram i Sør, basert på samarbeid mellom institusjonar for høgare utdanning i land i Sør og i Noreg. Målet på sikt er å bidra til å gjere institusjonane i Sør sjølvgåande når det gjeld utdanning og kompetanse innan ulike fagfelt. UiB er involvert i ni prosjekter med universiteter i Bangladesh, Bolivia, Malawi, Mosambique, Nepal, Sudan, Tanzania og Zambia. Eitt av desse er Master Programme in Health Policy and Management, som er eit samarbeid mellom UiB og Muhimbili University of Health and Allied Sciences (MUHAS). Det er dette prosjektet Robberstad har hatt ei nøkkelrolle i.

-No går det mot slutten, ja, konstaterer Robberstad. –Vi starta opp i 2007, men no er det slutt på finansieringa. Kapasitetsbygging har vore ein raud tråd gjennom dette NOMA programmet, og MUHAS er fullt ut i stand til å drive programmet vidare når det gjeld det faglege. Utfordringa er først og fremst korleis nye studentar skal greie å finansiere studiene. Vi må evaluere ordninga og finne ut korleis dei skal klare å halde fram arbeidet utan norske pengar.

Ein liten flokk UiB-folk har kome heilskinna til hotellet utanfor Dar es Salaam. Det er mørkt, men lyden av dovne bølger frå Indiahavet og suset i palmane fortel om ein idyllisk oase. Synet av alle vaktene kring hotellet fortel ei anna soge. Tanzania er eit kontrastfylt land.  

Vil heilt til topps

På eit moderne, lyst kontor i sentrum av millionbyen Dar es Salaam sit ein av dei som har gått i lære hjå Robberstad og dei andre professorane på Senter for Internasjonal Helse. John George var med i det første kullet som kom til Bergen, og han lyser opp når han høyrer namna til gamle kjenningar.

-Bergen, ja - det var ein god by å studere i, seier John. –Vi hadde gode professorar, og det var ein heilt unik sjanse for oss. Til dømes ein slik ting som å få tilgang til internasjonale, vitskaplege tidsskrift på biblioteket! Det er jo så viktig. Og det er noko eg ikkje kunne ha kunne fått ved å studere i Tanzania, for du veit, det kostar jo pengar å abbonere på dei tidsskrifta der. Det var fantastisk å komme dit for å lære, seier han.

NOMA-prosjektet Master Programme in Health Policy and Management har vore ein måte å auke kompetansen i Sør når det gjeld tilgang og kvalitet i helsetenester for dei fattigaste gruppene. Programmet fokuserer mellom anna på å forbetre retningslinjer og regelverk, finansiering og korleis ein kan gjere helsesystemet meir effektivt og rettferdig. Dei siste åra har mange afrikanske studentar kome til Bergen som ein del av programmet, før dei returnerer med ny kunnskap, klar til bruk.

John George returnerte til sin gamle arbeidsplass etter tida som NOMA-student i Bergen. Han fekk ei høgare stilling i organisasjonen Engender Health, og arbeider no med HIV/AIDS-problematikken.

-Mitt spesialfelt er å arbeide for HIV-positive arbeidstakarar i Tanzania. Altså, dette er jo ein sjukdom som alle, absolutt alle her har eit forhold til. Menneske blir sjuke, menneske døyr. Born blir foreldrelause, mange blir heimlause. Dei som ikkje er smitta sjølve har gjerne pårørande som er det, seier han.

-Då eg var i Bergen, så lærte eg mykje, reint fagleg. Men eg lære også å tenke meir internasjonalt. Eg fekk meir sjølvtillit, og vart betre å skrive og analysere faglege dokument. Etter at eg returnerte til Tanzania, så har eg klatra karrierestigen, og no jobbar eg med korleis ein på best mogleg måte skal sikre HIV-positive arbeidstakarar. Teamet mitt arbeider med styresmaktene og organisasjonar, både nasjonalt og lokalt. Vi vil endre retningslinene og betre rettane til arbeidstakarane, seier han.

–Eg ser faktisk for meg at eg i næraste framtid jobbar meg opp til det aller øvste nivået her i landet, når det gjeld denne saka, seier han og smiler breitt.

-Men først skal eg på konferanse med gamle kjente frå Bergen.

Vegen vidare

Det er første morgon av første konferansedag og Bjarne Robberstad har nok å gjere. Som einaste helseøkonom på Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB, har han ein viktig finger med i spelet i mange prosjekt.

-Helseøkonomi, det er fantastisk viktig – og spesielt i låginntektsland som dette, fortel Robberstad engasjert.

-Her er ein utruleg mangel på ressursar. Mange trur at arbeidet til helseøkonomane handlar om effektivisering og nedskjæring, men nei, det handlar faktisk ikkje så mykje om pengar. Eller det vil seie, det handlar om alternativkostnader. Konsekvensane for ulike pasientgrupper. Dersom ein vel å bruke ein viss pengesum på ei gruppe, så kan ein jo ikkje bruke same pengane på ei anna gruppe. Kostnadane er altså helsetapet for dei andre.

Robberstad hankar ivrig fram eit eksempel på det han jobbar med, ein vitskapleg artikkel publisert i det internasjonale tidsskriftet  Journal of Acquired Immune Deficiency Syndrome. Robberstad står som førsteforfattar.

-Sjå her, denne handlar om HIV-smitta gravide kvinner. Dei er det mange av i Tanzania. Altså, hittil har desse kvinnene fått tilbod om ein enkeltdose av ein viss medisin, for å unngå at barnet blir smitta i samband med fødselen. Men denne behandlinga er ikkje like effektiv som ei anna, meir omfattande og langvarig behandling, som i tillegg forhindrar smitte i mors liv og smitte gjennom morsmjølk.  Vi fann ut at den beste behandlinga også er den mest kostnadseffektive, og såleis kan bidra til at mange færre barn blir HIV smitta i Tanzania.  Problemet er at den også er 40% dyrare per gravide kvinne.  Når ein ikkje ein gong har nok ressursar til at alle kan få tilbod av den billegaste behandlinga så blir spørsmålet – skal ein gje alle kvinnene ein liten sjanse her, eller skal ein gje eit fåtal av dei ei dyrare og sikrare behandling? Dette er vanskeleg, det er faktisk supervanskeleg. Det er mange dilemma, slik sett. Dette er eit såkalla «equity-efficiency» dilemma.  Det er nemleg konflikten mellom å gje flest mogleg eit minimumstilbod av ei teneste, equity, og ønsket om å redde så mange barneliv som mogleg, efficiency, som gjer spørsmålet så utruleg vanskeleg å ta stilling til. Folk flest vil intuitivt vekte desse omsyna opp mot kvarandre, men vi veit alt for lite om korleis slik vekting bør gjerast i praksis, seier Robberstad.

Deltakarane er byrja å strøyme til konferansehotellet White Sands, som har som motto «the only thing we overlook is the Indian ocean». Og kanskje straumforsyninga, for straumen går av med jamne mellomrom, og fører til visse tekniske frustrasjonar for dei som skal halde foredrag ved hjelp av Power Point.

Omgjevnadane er vakre og mektige, det er kilometervis med rein, kvit strand utan eit menneske i sikte. Det er turkis hav og steikande sol. Men folk kom ikkje hit i dag for å nippe til paraplydrinkar. Dei har ein viktig jobb å gjere, og det går mot ein lang dag med mange diskusjonar. Og forhåpentlegvis ein god del løysingar.

Mange har kome frå fjern og nær. Tidlegare NOMA-studentar, arbeidsgjevarar, og til og med helseministeriet i Tanzania har sendt to representantar. Universitetet i Malawi har sendt folk, dei kjem frå Zambia og University of Western Cape and Stellenbosh. Og Bergen.

-Høgare utdanning her nede er kjempedyrt, forklarer Robberstad. Så langt har vi kunne støtta studentane, men no er det snart slutt. Difor må vi finne andre sponsorar, seier 47-åringen.

-Det vil vere behov for både nasjonale og lokale aktørar for at arbeidet skal halde fram på rette måten, dette er viktig. Kompetanseheving av universitetstilsette må til.

Mange tema står på dagens plan. Kva har ein lært så langt av samarbeidet, kva har gått godt og kva kunne vore betre? Perspektiv frå fleire kantar av verda kjem fram, og diskusjonane går ivrig.

Kaffipause ute byr på mange gjensyn. Ein av dei som tidlegare gjekk NOMA-programmet for klinisk medisin, nefrologi er Paschal Ruggajo. Ein blid kar til vanleg, og i dag er gliset usedvanleg breitt.

-Det er i dag det skal skje, fortel han opprømt. Det er første, aller første gong i Tanzania at vi skal gjere ein nyrebiopsi på eit offentleg sjukehus. Vil du bli med ned og sjå?

Fleire blir med, inkludert professor i kirurgi, Morten Lund-Johansen frå Institutt for kirurgiske fag, UiB og professor i nefrologi, Einar Svarstad frå Institutt for indremedisin, UiB. Ein av dei mange minibussane, kalla dalla dallaer, sørger for at gruppa kjem seg frå konferansehotellet og inn til sentrum og det offentlege sjukehuset.

Bøn og bedøving

Muhimbili National Hospital (MNH) er det største offentlege sjukehuset i Tanzania. Det har kring 900 sengeplassar og tek i mot mellom 1 000 og 1 200 pasientar kvar dag. I og med at byen husar 2,6 millionar innbyggjarar, så er det ikkje så rart at køen for å få legehjelp er lang. I det som synes å vere midten av det store bygget, med mange forgreiningar, sit pasientane og ventar. For dei som er vane med norske sjukehus, er det rart å sjå knuste vindauge på eit sjukehus - som er tapa saman og tetta med papp. Måling flassar av betongveggane, og ei sprøyte ligg i ein krok.

Samstundes er det uvant å sjå så begeistra og blide legar. Dei har gleda seg lenge til denne dagen, ein milepæl skal nåast. Dette kan etter kvart få mykje å bety for mange pasientar.

Vi blir med inn i eit rom, det er her det skal skje. Ein tydeleg sjuk mann ligg flatt, og legane set i gang. Ei orientering om sjukdomshistoria før, mannen har vore sjuk i mange år. Så er det ultralyd. Alt går etter planen, heilt til bildet på ultralydmaskinga brått forsvinn. Men eit kakk på rette måten ordnar den saken, dette har dei vore borti før.

Pasienten ser redd ut, men smiler tappert. Ingen av oss ville ha gleda oss til å få ei lang nål i ryggen, men no er det i alle fall behandling i sikte. Ansiktsuttrykket blir rolegare når bedøvelsen er sett. Eit kryss blir teikna på ryggen hans, det er her nåla skal inn. Den er ikkje lita. Den er lang og tjukk, og skal hente vevsprøver. Nokre av legane knipsar bilder, dette er ein «big deal», som dei seier.

Ei kvinne i kvitt har fullt fokus på pasienten, ho stryk han roleg på skuldrane. Det blir bede ei bøn, rommet er elles stilt. Så er det klart for action.

Ein-to-tre, nåla går inn i ryggen. Og ut. Heilt etter planen. Ingen seier noko, og så: “Super!!! History has been made!!!” Legane i rommet klappar og ler. Og karen på bordet smiler svakt. Han ser letta ut.

Tilbake på konferansehotellet sit dei gjenverande deltakarane framleis og arbeider. Sola er på veg ned i havet når dei endeleg set strek.

-Det var veldig mange gode diskusjonar i dag, sler Bjarne Robberstad fast. Og det blir spennande å sjå kva som skjer framover. No er det viktigaste å finne lokale sponsorar. Høgare utdanning på dette nivået er jo kjempedyrt i Tanzania. Så for at den gode utviklinga skal halde fram, så må lokale og nasjonale aktørar på bana med pengar. Det blir veldig viktig. Og vi vart jo veldig glade når to representantar frå helseministeriet kom. Og vart heile dagen, det hadde eg ikkje forventa.

Han smiler under ein krøllete lugg. Tid for ein joggetur. Når ein har verda som arbeidsplass treng ein all energi ein kan få.