Hjem
Det medisinske fakultet

Gode skussmål til Medisinsk-odontologisk fakultet i Bergen

Dei har god grunn til å gå med rak rygg, forskarane ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Forskingsrådet har jobba lenge med ei evaluering av medisinsk, helsefagleg og biologisk forsking i Noreg. Resultatet kom i går, og viser at medisinarane og odontologane ved UiB gjer ein god jobb.

NFR-evalueringen presenteres i flere rapporter, fra hovedpanelet og fra hvert...
NFR-evalueringen presenteres i flere rapporter, fra hovedpanelet og fra hvert av fagpanelene.

Grundig gjennomgang

Dette har vore den største fagevalueringa i regi av Forskingsrådet nokonsinne. I løpet av året har over 60 internasjonale fagekspertar evaluert nesten 400 forskingsgrupper. Fagmiljø frå åtte universitet, seks universitetssjukehus, tre andre sjukehus, ein vitskapeleg og tre statlege høgskular, 13 forskingsinstitutt, tre vitskapelege museum og fem andre einingar knytt til universiteta har delteke.

Resultatet er grundige rapportar innanfor kvart felt, samstundes som ekspertane kjem med råd om korleis fagmiljøa kan bli enda betre.

Flinke Bergens-forskarar

Mykje av forskinga som skjer ved Det medisinsk-odontologiske fakultet er av høg kvalitet, kjem det fram av rapportane. –Vi set stor pris på at så mange av forskingsgruppene har fått karakteren «excellent» i denne NRF-evalueringa – det er eit kvalitetsstempel for dei mange forskarane våre av internasjonal klasse. Det seier dekan Nina Langeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB. –Det er også lovande at fleire har fått graderinga «Very Good to Excellent». Evalueringa gjev i tillegg ei god tilbakemelding på kva ein kan bli betre på, og det vil vi bruke å ta lærdom av. Det ligg eit stort potensiale i å samarbeide med helseforetaket, og også på tvert av institutta.

Rapportane gjev altså graderingar, frå «weak» og opp til «excellent». –Men karaktersetjinga reflekterer ikkje rangering av enkeltforskarar, understrekar Langeland.

Vegen vidare

Forskingsrådet er svært nøgde med evalueringa. –Det er lagt ned eit imponerande arbeid i å kartlegge dagens situasjon og gje konkrete anbefalingar for å styrke forskinga og om korleis forskinga bør organiserast, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskningsrådet sin Divisjon for vitskap på forskingsrådet.no. - Desse anbefalingane bør utvilsamt gje føringar for forskingspolitikken i åra som kjem, seier han.

No vil Forskingsrådet invitere fagmiljøa til å komme med innspel til korleis ting kan bli enda betre. Til neste år vil Forskingsrådet lage ein plan for vidare oppfølging av evalueringa.