Hjem
Det medisinske fakultet

Silja Torvik Griffiths vann formidlingspris om forsking

Stipendiaten stakk av med sigeren i den nasjonale finalen av Forsking grand prix med sin presentasjon av forsking på hjerneaktivitet hos ekstremt premature born.

Hovedinnhold

Silja T. Griffiths er doktorgradsstipendiat ved Klinisk institutt 1 og assistentlege ved Barneklinikken. Ho var blant ti finalistar frå heile landet som skulle presentere sine eigne forskingsprosjekt på best mogeleg måte på berre fire minutt.

Ho overtydde både domarar og publikum i den innleiande runden i Oslo, og gjekk vidare til superfinalen saman med tre andre kandidatar. Her fekk ho ytterlegare seks minutt til å forklare nærare kva prosjektet handlar om.

Til slutt blei ho kåra til vinnar, og fekk blant anna overrekt pokal frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Fakultetet gratulerer!

Les meir om vinnaren her, og sjå video av foredraget i denne artikkelen frå BT.