Hjem
Det medisinske fakultet
NYTT ODONTOLOGIBYGG

Nytt odontologibygg opnar

15. august 2012 opnar det nye Odontologibygget i Bergen. Det blir eit signalbygg som skal komme studentar, tilsette og publikum til gode.

Foto/ill.:
Eivind Senneset/UiB

Den kan minne om ein gigantisk hai, den store kolossen som spenner over 15 000 kvadratmeter. Og det er også meininga. Fasaden er dekka av grå, blå og litt turkise plater, fantasien spinner raskt over på fiskeskjell. Vendt ut mot Årstadvegen ligg kvite klossar, eller haitennene om du vil. Ein kjapp tur innom døra, og du er i det som kallast «munnhola» - ein raudoransje gang som går innover.

- Konkurranseprosjektet som vi leverte i 2005 heitte «Jaws 5», og det heng framleis ved, fortel Annema Selstrøm i Kristin Jarmund Arkitekter.

-Slike konkurransenamn er ofte berre noko ein finn på i siste liten, og var nok meint å vere ein morosam tittel for å fange interessa til juryen. Men namnet er ikkje heilt utan betyding for prosjektet. «Jaws» betyr eigentleg kjeft eller gap, og den raude ganen med dei små bygningane framfor, dei såkalla tennene, kan framleis minne om ein åpen kjeve, fortel Selstrøm.

Lang veg å gå

Omkransa av moderne flater og ny teknologi står eit klenodium som har fått ny heim. Den første tannlegestolen frå Odontologen - no er den 40 år gammal.

Det var i 1962 Odontologen opna dørene. Planane om eit nytt bygg byrja å svirre etter ein god del år, frå og med 1991. Men det var først i 2007 at det vart sving på sakene. Då kom Regjeringa med ei Stortingsmelding som inkluderte visjonar om regionale odontologiske kompetansesenter. På vestlandet vart fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland einige om at eit slikt senter burde vere tilknytta odontologimiljøet ved UiB.

Året etter sette styresmaktene av pengar på budsjettet, og i 2009 vart det første spadetaket unnagjort. Og det var på høg tid, i følgje instituttleiar Anne Nordrehaug Åstrøm ved Insitutt for klinisk odontologi ved UiB.

-Tida var absolutt moden for eit nytt odontologibygg i Bergen, seier ho.

-Bygget vi hadde var svært umoderne og nedslitt. Til dømes fekk pasientareala kritikk - pasientane kunne sjå kvarandre og overhøyre kva som vart sagt. Så dette har vi venta på, og ikkje minst jobba for i mange år, seier Nordrehaug Åstrøm. Ho legg til at bygget vil føre til meir og betre forsking på tannhelse, i tillegg til å gjere det lettare å levere gode spesialisttannhelsetenester.

Ein av dei beste i klassa

Bygget som no får den siste finpussinga før opninga, blir eitt av Europa sine mest moderne tannhelsebygg.

-Dette er eit prosjekt med stor kompleksitet både når det gjeld byggemessige og tekniske løysingar, fortel Annema Selstrøm.

-Brukarane har vore sterkt involverte, spesielt dei som er vane med å drifte eit bygg med tannlegeklinikkar. Det er ganske spesielt å sjå kva som må til av tekniske føringar til ein tannlegestol - mange typar vatn, elektrisitet, datatilkopling, trykkluft, vakumsug, for å nemne noko. I det nye odontologibygget er det etablert tekniske føringar i gulvet fram til 175 tannlegestolar, i tillegg til kjøling, ventilasjon og spesiell lyssetting i himling, seier Selstrøm.

Alt har ein pris   

Det nye bygget har ein prislapp på 863 millionar kroner. Det er dimensjonert for kring 260 tilsette, 286 studentar – og mange, mange pasientar. Kring 400 menneske skal få tannhjelp her. Kvar dag.

Og etter ein straum av medieoppslag om steindyre tannlegar, så kan det vere kjekt å vite at ein kan spare pengar på å få tennene fiksa i det nye Odontologibygget. Prisane ligg på berre 30 % - 50 % av offentleg takst, fortel Nordrehaug Åstrøm med eit feilfritt smil. 

Fakta om bygget:

  • Kostar 853 millionar kroner
  • 15 000 kvadratmeter, inkludert tannklinikk og garasje
  • Dimensjonert for 260 tilsette, 286 studentar
  • Vil kunne behandle 400 pasientar dagleg
  • Arkitekt: Kristin Jarmund arkitekter