Framifrå forskarar gjennom første nålauge
Mange forskingsmiljø vil gjerne ha status som Senter for framifrå forsking (SFF). Og ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB (MOF) har to kandidatar gått vidare i kappestriden.
Hovedinnhold
Rekordmange søknadar, knallhard konkurranse blant forskarar over heile landet. SFF-statusen heng høgt, og i år fekk Forskingsrådet inn heile 139 søknader. 29 har gått vidare til neste runde, og på den ekslusive lista finn vi to frå MOF.
Det er Centre for Intervention Science in International Maternal and Child Health og Centre for Cancer Biomarkers som er vidare til neste runde.
Vil bygge opp miljøa
SFF-ordninga vart starta i 2003, med 13 senter for framifrå forsking. Målet er å stimulere norske forskarar til å drive grunnleggande forsking på høgt internasjonalt nivå, god leiing og framifrå resultat. UiB har i dag fire slike senter, og dette er tredje gong sidan oppstarten at fagmiljøa kan søke på SFF-tittelen.
Prosessen for å få den ettertrakta tittelen er lang og grundig. Søkjarane blir først vurdert av internasjonalt samansette ekspertpanel, deretter av ein av tre internasjonale komitear. Kvar komite vel så ut mellom fem og ti søkjarar innanfor sitt område, og så blir det ein ny søkeprosess.
Glade og spente
Det er professor Lars A. Akslen ved Gades institutt som står i bresjen for Centre for Cancer Biomarkers. Han er svært nøgd med å gå vidare til neste runde. -Det er svært gledeleg og stimulerande at vi kom til finalen og kan kjempe om nytt SFF, seier han. -Dersom vi skulle lukkast vil dette gje muligheit til meir langsiktig planlegging innan eit fasinerande forskingsområde, nemleg kreftsvulstar sitt mikromiljø og biologiske markørar. Vi vil også kunne bygge vidare på vårt translasjonsteam for å oppnå rask klinisk bruk av forskingsresultat. Det er også spennande å konkurrere med så vidt ulike fagfelt. No spissar vi blyantane nok en gang, seier Akslen.
Professor Halvor Sommerfelt ved Senter for internasjonal helse leiar arbeidet med Intervention Science in International Maternal and Child Health. –Dette er vi glade for, seier han. –Dette blir ei viktig og inspirerande utfordring for oss, for fakultetet og for Universitetet i Bergen.
Dekan Nina Langeland er også svært glad for at MOF-forskarane har gått vidare til neste SFF-runde. -Eg er overvelda, begeistra og stolt over kor gode forskingsmiljø vi har! Og eg er audmjuk i høve til kor mykje kunnskap som finst i forskingsgruppene. Dette er først og fremst ein stor prestasjon hjå enkeltforskarar og framifrå forskingsmiljø, med gode støttefunksjonar i teknisk og administrativ stab. Vi satsar på at vi får to SFF-ar, smiler Langeland.
Fristen for å levere ny søknad til Forskingsrådet er 22. august, og i løpet av hausten blir det endeleg avgjort kven som får status som senter for framifrå forsking.
Kjelder: Forskingsrådet, UiB