Hjem
Det medisinske fakultet

Streiken råkar MOF

Meklinga mellom staten og dei statstilsette førte ikkje fram, og i dag vart 26 tilsette på Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF) tekne ut i streik.

Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær

Streiken råkar nokre av instituttleiingane, ved Gades institutt, Institutt for biomedisin og Instiutt for samfunnsmedisinske fag og fakultetsadministrasjonen som har 16 streikande.

-Streiken kan få store konsekvensar, spesielt på personaladministrasjonen ved fakultetet, og også på studieseksjonen, seier fakultetsdirektør Nina Mevold. –På dokumentsenteret blir det akutt, og inngåande og utgåande post vil ikkje bli frakta, fortel ho.

Fakultetsdirektøren har no sett ned ei beredskapsgruppe, og utgreier kva konsekvensen streiken kan få for fakultetet dei neste vekene.

-Vi håpar at konflikten løyser seg raskt. Dei som har spørsmål omkring streiken kan ta kontakt, seier Mevold.