Hjem
Det medisinske fakultet

Til topps i Brasil

Instituttleiar Anne Nordrehaug Åstrøm ved IKO, UiB har vunne “ IADR’s Distinguished Scientist Award in Behavioral, Epidemiological and Health services research” for 2012.

IADR står for “International Association for Dental Research” og er ein organisasjon med meir enn 12 000 medlemmar over heile verda. Organisasjonen si målsetjing er å jobbe for betre og meir informasjon og forsking på tannhelse for alle.

Årets møte var lagt til Iguacu Falls, Brasil. Og på sjølvaste opningsseremonien for “the 90th General Session & Exhibition of the IADR”  vart Anne Nordrehaug Åstrøm kalla opp for å motta pris for sitt arbeid innan tannhelseforsking.

-Eg vart overraska, stolt og glad, seier Nordrehaug Åstrøm.

-Det å vere til stades var stort. Prisen betyr mykje for meg personleg, og for odontologisk forsking ved IKO i Bergen.  I tillegg til pengar, som alltid er kjærkome til forsking, så viser prisen at det internasjonale miljøet anerkjenner det forskingsarbeidet som er lagt ned på feltet odontologisk epidemiologi/folkehelse, nasjonalt og internasjonalt, seier ho.