Hjem
Det medisinske fakultet

Lorentz Irgens utnemnt til ridder

Lovorda var mange då professor Lorentz Irgens ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, vart tildelt utmerkinga Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Irgens sitt nasjonale og internasjonale engasjement i høve til registerforsking har fått mykje å bety for mange, og tysdag vart det gjort stas på mannen som blir omtala som "ein av fakultet sine absolutte nestorar, og ein svært markant person innan sitt fagmiljø".

Les meir om feiringa her.