Hjem

Det medisinske fakultet

Vinnarar av Forsker grand prix Bergen ved fakultetet

Silja T. Griffiths og Nils Petter Oveland gjekk av med sigeren av Forsker grand prix Bergen, og går no vidare til nasjonal finale i Oslo. Fakultetet gratulerer!

Silja T. Griffiths ved barneklinikken er stipendiat ved Klinisk institutt 2. Ho overtydde domarane og publikum med ein solid presentasjon av si forsking om hjernen si utvikling hos ekstremt premature born.

Nils Petter Oveland, stipendiat ved Klinisk institutt 1, hadde også ei fengjande framstilling av sitt arbeid med bruk av ultralyd for å oppdage punktert lunge hos traumepasientar.

Den nasjonale finalen i Oslo går av stabelen 28. september. Fakultetet ynskjer begge kandidatane lukke til!