Hjem
Det medisinske fakultet

Jahrepris til Yenan Bryceson

Professor Yenan Bryceson har fått den prestisjefylte Jahreprisen for yngre forskarar.

Prisen delar han med professor Christian Andersen ved Aarhus universitet.

Anders Jahres medisinske pris er den største prisen i biomedisinsk forsking i Norden. Den delast ut i to klasser - den store prisen, som er på ein million kroner, og prisen til yngre forskarar, som er på 400 000 kroner.

Yenan Bryceson får prisen for den særs viktige forskinga han har gjort på medfødde blodsjukdommar og naturlege dreperceller, kroppen sitt immunologiske førstelineforsvar.

Bryceson jobbar ved Karolinska Institutet, og har bistillingar ved Klinisk institutt 2 og Broegelmanns forskingslaboratorium.

Dekan Nina Langeland ved MOF seier at ho er imponert over forskinga til Bryceson, og ho er særleg glad for den innsatsen han har gjort knytt til Broegelmann-miljøet. Langeland rettar også ein stor takk til Roland Jonsson som foreslo Bryceson til Jahreprisen, og som har knytt han til Klinisk institutt 2 via ei bistilling. Fakultetet vonar at samarbeidet kan utviklast vidare dei neste åra.

Utdelinga skjer 16. oktober i Oslo, og då får Bryceson ein prismedalje i gull og diplom, i tillegg til prispengane.