Hjem
Det medisinske fakultet

SFF-søknadane levert

22. august leverte to forskarteam frå Det medisinsk-odontologiske fakultet dei endelege søknadane om å bli Senter for framifrå forsking.

Dei to som framleis heng med i dansen om den prestisjetunge tittelen frå Forskingsrådet er Centre for Cancer Biomarkers med professor Lars A. Akslen ved Gades institutt i spissen, og Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health, leia av professor Halvor Sommerfelt ved Senter for internasjonal helse. Forskargruppene har allereie vore gjennom fleire nålauge.

I følgje Forskingsrådet kom det inn rekordmange søknader, til saman 139. Så gjekk 29 vidare til neste runde, og på denne ekslusive lista finn vi altså to forskingsgrupper frå Det medisinsk-odontologiske fakultet ved i UiB, MOF.

Vil bygge opp miljøa

SFF-ordninga vart starta i 2003, med 13 senter for framifrå forsking. Målet er å stimulere norske forskarar til å drive grunnleggande forsking på høgt internasjonalt nivå, god leiing og framifrå resultat. UiB har i dag fire slike senter, og dette er tredje gong sidan oppstarten at fagmiljøa kan søke på SFF-tittelen.

Prosessen for å få den ettertrakta tittelen er lang og grundig. Søkjarane blir først vurdert av internasjonalt samansette ekspertpanel, deretter av ein av tre internasjonale komitear. Kvar komite vel så ut mellom fem og ti søkjarar innanfor sitt område, og så blir det ein ny søkeprosess. Og det er altså denne som no er avslutta, og i løpet av hausten blir det endeleg avgjort kven som får status som senter for framifrå forsking.

Kjelder: Forskingsrådet, UiB