Hjem
Det medisinske fakultet

Verdsmeister på MOF

Medisinstudent Nils Jakob Hoff vann VM-gull i tungvektsfinalen i dobbeltsculler, saman med Kjetil Borch. Fakultetet gratulerer!

Medisinstudenten og Borch knuste konkurrentane i finalen 1. september, og kom i mål 1,36 framfor Litauen og over tre sekund framfor bronsevinnarane frå Italia etter å ha halde leiinga heile vegen.

– Vi tenkte berre på arbeidsoppgåvene våre. I mitt hovud var vi på Årungen og trente. Det var kun dei to siste taka eg tenkte på VM. Etterpå var det 15 minutter med rein lykkerus, seier Skulstad Hoff til BA.

Hoff fekk ikkje kvile lenge på laurbæra etter VM-sigeren i Sør-Korea, for i Bergen ventar eksamen.

Les portrettintervjuet med Skulstad Hoff frå august 2012 på våre nettsider: http://www.uib.no/mofa/nyheter/2012/08/aa-folgje-to-draumar