Hjem
Det medisinske fakultet

Orpheus er i gang!

-Beautiful! Exciting! Superlativa hagla då Orpheus-konferansen opna i går.

Hovedinnhold

Kring 200 deltakarar frå mange land møtte eit Bergen bada i sol i går, då Orpheus-konferansen 2012 starta. I tre dagar skal dei diskutere seg fram til ei endå betre og meir samstemt doktorgradsutdanning i Europa.

God stemning

-Det er min første Orpheus-konferanse, smiler Iryna Parshyna frå Technische Universitat i Dresden. I bakgrunnen summar det av engasjerte stemmer på fleire språk, bakverk, frukt og kaffi går unna. –Eg gler meg til å bli inspirert og få dele på gode idear, seier Parshyna. Det er alltid interessant å høyre korleis andre gjer det, og i fellesskap komme fram til enda betre løysingar. Og så er det jo fantastisk å vere her i Bergen – folk her er så opne og hjelpsame. Og alle snakkar bra engelsk her, det gjer det enkelt!

Så kva vil Orpheus-deltakarane? Ein PhD-tittel har ikkje same meininga overalt i Europa, for utdanningane er til dels svært ulike. Slikt kan det bli krøll av, naturleg nok. Organisasjonen Orpheus vart etablert for å rydde opp, og er eit nettverk av universitet som har doktorgradsutdanning innan biomedisin og helsefag. Målet er ei meir felles doktorgradsutdanning over heile Europa.

Roland Jonsson er leiar av Broegelmanns Forskningslaboratorium og professor ved Gades institutt. Men i dag er han først og fremst den som har stått i bresjen for Orpheus 2012, og han helsar dei oppmøtte velkommen. –Folk strøymer på, konstaterer ein dresskledd Jonsson nøgd. –God oppslutning!

Inger Hjeldnes Senneseth, som er leiar for forskingsseksjonen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB, er også hjartans til stades i dag. –Det er viktig å heve kvaliteten på doktorgradsutdanningane, både i Noreg og i resten av Europa – og det er viktig at vi blir meir samstemt på tvers av landegrensene, seier ho.

Dorota Lesiak frå Polen kunne ikkje vore meir einig. Den unge doktorgradsstudenten ved universitetet i Gdansk fortel at studiet hennar er ferskt, og treng meir struktur. –Vi vil høyre korleis andre gjer det, seier ho. –Vi vil bli betre. Difor kom eg til Bergen no, Orpheus er eit viktig forum for svært mange, konkluderer Lesiak.

For mer informasjon, sjå nettsidene til Orpheus-konferansen.