Hjem
Det medisinske fakultet

Utlysing av forskingstøtte

Bergen Medisinske Forskningsstiftelse (BMFS) lyser ut støtte til to nye prosjekt. Denne gongen gjeld det forsking på register og biobankar.

Helseregister og biobankar har dei siste åra gjeve forskarane ny og viktig kunnskap om sjukdom, og målet er til sist å finne nye og betre behandlingsmetodar som kjem pasientane til gode. BMFS har fleire gongar gjeve midlar til slik forsking. Stiftinga sitt mål er å støtte forsking ved Universitetet i Bergen og Helse Bergen i skjæringsfeltet mellom basalfag og klinisk medisinsk verksemd, såkalla «translasjonsforsking». Det etablerte og tverrfaglege miljøet i Bergen har ein forskingsinfrastruktur som gjev gode kår for å gjennomføre studiar av høg kvalitet.

BMFS lyser ut midlar til to to-årige forskingsprosjekt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOFA) ved UiB og/eller Helse Bergen (HB).

Eitt prosjekt skal nytte seg av høvet for translasjonell medisinsk forsking i skjæringsfeltet mellom klinikk, større register og tilhøyrande biobankar.

Det andre prosjektet skal nytte seg av forskingsmogleikane som er skapte gjennom private gåver til etablering av nyare, større og kompleks forskingsinfrastruktur ved MOFA/HB. Det kan søkast om inntil 2,5 millionar kroner per år i inntil to år.

Utlysinga og krav til søknad finn du her: http://www.bmfstiftelse.no/index.php?option=com_content&view=article&id=45&catid=1&Itemid=12&lang=no