Hjem
Det medisinske fakultet

Jojo-slanking kan føre til auka fettlagring på sikt via klokkegener i fettvev

Forskarar ved UiB har funne at jojo-slanking av mus førte til meir fettlagring per kalori, samanlikna med mus som totalt sett åt like mykje mat.

Hovedinnhold

Analyse av genuttrykk i fettvev viste at jojo-gruppa hadde endra uttrykk av gener som regulerer biologisk rytme, såkalla «klokkegener». Førsteforfattar, Dr. Simon Dankel ved Klinisk institutt 2, UiB, fortel at andre studiar publisert i det siste har funne ei viktig rolle for slike klokkegener i regulering av energiomsettinga, men det er nytt at etemønster kan ha ein slik effekt.

Dei jojo-slanka musene fekk 10 dagar med høgenergi-diett og fire dagar med energi-restriksjon, og dette var totalt repetert fire gongar i løpet av 10 veker. Parallelt fekk ei kontrollgruppe høgenergi-diett i heile perioden. Sjølv om det totale energi-inntaket var identisk i dei to gruppene, så førte jojo-slankinga til ei større auke i kroppsfeittet, spesielt det som svarar til magefeittet hos menneske og som er assosiert med auka sjukdomsrisiko.

«Det er tidlegare kjent at nattarbeid (og endringar i sove- og etemønster som det medfører) kan auke risiko for fedme og metabolsk sjukdom», påpeikar Dankel. «Ei endring i den biologiske rytmen, det vil seie døgnvariasjonen i hormon-nivå og genuttrykk, kan vere med på å endre korleis cellene brukar energi, som igjen kan ha effekt på helsa».

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom forskingsgruppa til Prof. Gunnar Mellgren ved KG Jebsen senter for diabetesforsking, Klinisk institutt 2, UiB og Hormonlaboratoriet, Haukeland Universitetssjukehus og forskingssjef Lise Madsen ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Universitetet i København. Klinisk ernæringsfysiolog Eirik Meek Degerud ved Klinisk institutt 1 bidrog til prosjektet gjennom sin mastergrad under rettleing av Simon Dankel. Arbeidet var nyleg publisert i tidsskriftet American Journal of Physiology – Endocrinology and Metabolism.

Overvekt/fedme er ei stor helsemessig utfordring, spesielt fordi det aukar risikoen for sjukdomar som type 2 diabetes. Kortvarig intervensjon med diett kan redusere sjukdomsrisikoen forbunde med fedme, sjølv med moderat vektnedgang. Samstundes kan det vere vanskeleg å halde seg til ein diett over tid, og ein kan ende opp med å legge på seg igjen så snart ein er tilbake i dei opphavlege vanane (såkalla jojo-slanking). «Ein stiller no spørsmålet om det er betre å anbefale vektvedlikehald enn vektnedgang til personar som slit med overvekt og fedme», seier Dankel, «sidan det er så vanleg å gå opp igjen i vekt etter slanketiltak ein ikkje klarer å halde seg til over tid. Ein vil også ha ein helsegevinst av å unngå vidare auke i kroppsfett».

Studien viste at mus som vart jojo-slanka hadde større auke i kroppsvekt og fettmasse per kalori enn kontrollgruppa. «Dette viser at det ikkje er berre totalt energiinntak som har betydning for om ein legg på seg», seier Dankel, som forklarer at dette er eit velkjent fenomen. «Når ein reduserer energiinntaket så vil også energiomsetninga gå ned. Om ein så et mykje igjen etter ein slankeperiode så kan det sjå ut til at energien lagrast meir effektivt, som om kroppen ønskjer å forberede seg til ein ny slankeperiode i framtida. Dette gir meining frå eit overlevingsperspektiv, men slik vi lev i dag så er ein slik mekanisme som regel overflødig og kan snarare føre til overvekt/fedme og auka sjukdomsrisiko».

Dankel understrekar at studien var gjort på mus, og at det er mange eksempel på at mus har ulik respons på diett enn menneske. Fordelen med å studere mus som forskingsmodell er at ein kan gjere meir kontrollerte eksperiment, slik at ein er meir sikker på kva som er årsak og effekt. Vidare studiar er nødvendig for å vise om endra uttrykk av klokkegener i fettvev har samanheng med fettlagring i menneske.

Sjå også nyhetssak i TV2

Referanse og lenke:

Weight cycling promotes fat gain and altered clock gene expression in adipose tissue in C57BL/6J mice.

Dankel SN, Degerud EM, Borkowski K, Fjære E, Midtbø LK, Haugen C, Solsvik MH, Lavigne AM, Liaset B, Sagen JV, Kristiansen K, Mellgren G, Madsen L.

Am J Physiol Endocrinol Metab. 2013 Dec 3. [Epub ahead of print]