Hjem
Det medisinske fakultet

Henning Dralle æresdoktor

Professor Henning Dralle blir æresdoktor ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB. Fredag 31. august skal vårens doktorer kreeres under seremoni i Håkonshallen. Torsdag blir det gjesteførelesing ved MOF.

Medan doktorgraden er den høgste akademiske graden ein kan oppnå, så er ein æresdoktorgrad (doctor honoris causa) den største hedersbeviset eit universitet kan tildele ein person.

Den som utnemnast skal ha utmerka seg ved viktig vitskapeleg innsats eller framifrå arbeid til det beste for vitskapen.

I år har UiB bestemt seg for å utnemne éin æresdoktor etter forslag frå kvart av dei seks fakulteta, samt Universitetsmuseet.

Henning Dralle (f.1950) er professor ved Martin-Luther Universitet i Halle. Han er ein av de aller fremste endokrinkirurgar i internasjonal målestokk. Den vitskaplege produksjonen er stor og av høg kvalitet. Han er ein aktiv formidlar og ein etterspurt forelesar over hele verda. Dralle har spesielle relasjoner til dette fagfeltet ved UiB.

Hovedområdet for Dralle si vitskaplege verksemd er klinisk kirurgisk-forsking i vid forstand. Han har særleg arbeidd med endokrinkirurgi, det vil seie svulstar og sjukdommar i såkalla endokrine organ, som skjoldbruskkjertel, biskjoldkjertler, binyrer og nevroendoktrine svulster i bukspyttkjertel og mage-tarm-systemet.

Torsdag 30. august held Henning Dralle gjesteforelesing ved MOF, open for alle interesserte. Forelesinga finn stad i Auditorium 4 i BB-bygget, og startar klokka 15.

Professor Jan Erik Varhaug introduserer, og Henning Dralle skal ha forelesinga Recurrent laryngeal nerve control during thyroid surgery.

Klokka 15:45 opnast det for diskusjon.

Velkommen skal du vere!