Hjem
Det medisinske fakultet

Meir enn tannstein og hol i tennene

Tennene er noko av det første vi legg merke til når vi møter ­kvarandre, seier Cecilie.

Hovedinnhold

Det beste med tannlegestudiet er at det er så variert. Ingen pasient er lik, det eine holet i tanna er ikkje likt det andre, og ein lærer noko nytt kvar dag.

– Ein person som har synleg dårlege tenner eller manglar fleire tenner, kan ha låg sjølvkjensle. Etter å ha fått støypt nye tenner, har eg sett menneske bli som forvandla. Det har ­verkeleg betydd mykje for dei.

Cecilie Vist går fjerde året på tannlegestudiet og fortel om ein studiedag som inneheld både arbeid med pasientar på tannklinikken og forelesingar. 

– Studiet er svært praktisk retta. Ein startar tidleg med å setje teori ut i praksis, og alt på tredje året får ein øve seg på pasientar. Men det er først etter mange timar tørrtrening på modelldokker, forsikrar Cecilie. 

 

Eit praktisk og løysingsorientert handverk 

– Det beste med tannlegestudiet er at det er så variert. Ingen pasient er lik, det eine holet i tanna er ikkje likt det andre, og ein lærer noko nytt kvar dag. Ein møter alle slags menneske frå 1 til 100 år. Då er det viktig å kunne tilpasse seg til kva behov den enkelte har, både med omsyn til behandling og kommunikasjon.

Mens medisinstudentar brukar seks år på heile kroppen, blir tannlegestudentar ekspertar på munnen. Og munnen består ikkje berre av tenner; det er også ei mengd musklar og nervar ein må ha grundig kjennskap til. 

– Det er tilfredsstillande å finne riktig behandling til pasienten som ventar oss i tannlegestolen, fortel Cecilie. Vi kan også bidra til å diagnostisere sjukdommar som har symptom i munnen og som elles kan bli oversett av ein lege. 

– Og så er det kjekt å få jobbe med hendene, seier tannlegestudenten entusiastisk. Det er trass alt eit handverk vi utfører!

 

Studiemiljø og byen Bergen

– Studiet er krevjande, men vi får god oppfølging frå lærarar og instruktørar. Dessutan er det veldig inspirerande å jobbe med moderne utstyr i det nye odontologibygget.  

– Vi er også flinke til å hjelpe og ta vare på kvarandre på tvers av årskulla, fortel Cecilie. «Odontologen» ligg litt for seg sjølv og ein blir difor godt kjende med einannan. Det er eit svært aktivt studentmiljø her, så det er mykje å ta seg til på kveldstid også. 

Cecilie er sjølv frå Steinkjer i Nord-Trøndelag, og er svært nøgd med at ho valde Bergen då ho bestemde seg for å ­studere odontologi. 

– Bergen er ikkje for stor, og er ein veldig triveleg by å vere student i. Eg blir nok verande i Bergen etter at eg er ferdig med studia også, smiler Cecilie.