Hjem
Det medisinske fakultet
News

Milliontildeling til global helseforsking

GLOBVAC har fått ei tildeling på 265 millionar frå Forskingsrådet. Sju av forskingsprosjekta tilhøyrer Senter for internasjonal helse (SIH) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Midla vil medverke til å gje fattige menneske betre helse.

Afrikanske born
Forskingsmidla vil gje fattige menneske i lav- og mellominntektsland betre helse.
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Hovedinnhold

Det Norad-finansierte programmet for Global helse- og vaksinasjonsforsking (GLOBVAC) har som hovudmål å styrka forsking som kan skape betre helse i lav- og mellominntektsland. Denne tildelinga er den største for noko helseprogram frå Forskingsrådet, og det er lagt stor vekt på tema som helsesystem og mødre- og barnehelse.

Dei sju prosjekta vil forske på ulike emne som førebygging av malaria, tuberkulosediagnosar, effekten av vitamin B12 på utviklinga av nerveceller og kognitive funksjonar, mental barnehelse, førebygging av infeksjonar hjå nyfødde og utvikling av vaksinar. Du kan sjå heile lista over alle prosjekta her.

GLOBVAC bidreg til banebrytande resultat innan global helseforsking. Eit døme på dette er eit forskingsprosjekt ved Senter for internasjonal helse som nyleg publiserte forskingsresultat som kan medverka til å forhindra hiv-smitte frå mor til barn.

Les meir om Senter for internasjonal helse her.