Hjem
Det medisinske fakultet
Orpheus 2014

Karrierevegar sentralt på Orpheus-konferansen 2014

Lausanne i Sveits var staden å være 3.-5. april, då den niande Orpheus-konferansen gjekk føre seg. Karriereutsikter og kvalitet på rettleiing for Ph.D.-kandidatar innan biomedisin og helsefag var hovudtema på konferansen i år.

Illustrasjonsfoto: Lausanne
Den niande Orpheus-konferansen fann stad i Lausanne, Sveits.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Fleire hundre deltakarar frå meir enn 40 land kom saman i Lausanne førre veke for å delta på den niande Orpheus-konferansen. I tre dagar var dei samla for å sjå nærare på kva ulike yrkesvegar ein Ph.D-kandidat innan helsefag kan ta. Særleg blei det understreka kor viktig det er at Ph.D-kandidatar får opplæring i, og blir gjort medvitne om, alle dei ulike moglegheitene dei har.

 

Ei rekkje partnarar både innanfor og utanfor akademia deltok og delte sine røynsler med -, forventningar til -, og moglegheiter for samarbeid om opplæring av Ph.D-kandidatar. Undervegs i konferansen fekk både lågaregradsstudentar, Ph.D-kandidatar og postdoktorar diskutere sine arbeidserfaringar på ei rekke ulike område med andre vitskapsfolk.

 

Lærerikt og nyttig

Professor Roland Jonsson er leiar for programutvalet for forskarutdanning ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF). Han deltok på konferansen saman med professor II Gülen Arslan Lied, fagleg koordinator for forskarutdanning ved MOF.

 

- Under konferansen hadde eg ein presentasjon om «The role of research supervision on doctoral degree» som poengterar viktige element ved forskarutdanninga, særleg med tanke på rettleiing. Me har fått svært gode tilbakemeldingar på det opplegget vi har på UiB. Særleg blir det lagt merke til at det er eit effektivt løp innan forskarutdanning. Dette stadfestar også den siste NOKUT-rapporten, fortel Gülen A. Lied.

 

Roland Jonsson er medlem av styret i Orpheus. Han kan fortelje at framtidsutsiktene for Orpheus er gode.

- Det var val av delar av styret under konferansen i Lausanne, og eg ser verkeleg fram til å arbeide vidare med det nye styret framover, seier han.

 

Orpheus-konferansen 2015 skal finne stad i Beograd, 16.-18. april 2015.
- Eg oppfordrar så mange som mogeleg til å delta på konferansen. Det er lærerikt og ein unik sjanse til å dele erfaringar med andre forskarar frå heile Europa og verda utanfor. Samstundes får ein synt fram kva me står for innan forskarutdanninga ved Det Medisinsk-odontologiske fakultet, avsluttar Roland Jonsson.

 

10 år med harmonisering av Ph.D-utdanninga i Europa

Ein Ph.D.-grad har ikkje same meining og innhald overalt i Europa, for utdanningane er til dels svært ulike. Organisasjonen Orpheus vart etablert i 2004 for å skape ei meir samordna utdanning av Ph.D-kandidatar over heile Europa og kvalitetssikre forskarutdanninga. Organisasjonen er eit nettverk av universitet som har doktorgradsutdanning innan biomedisin og helsefag.

 

For meir informasjon, sjå nettsidene til Orpheus og Orpheus-konferansen 2014.