Hjem
Det medisinske fakultet
News

CCBIO satsar ungt

-Veldig positivt at CCBIO satsar på unge forskarar, seier eit knippe unge, lovande. Deltakarane på det første CCBIO Junior Scientist Symposium vart både kloke og tente.

CCBIO, eller Centre for Cancer Biomarkers, har ikkje berre fokus på kreft, biomarkørar og skreddarsydd behandling. Dei vil også satse på framtidas forskarar, dei som tenker nytt og brenn for kreftforsking. Difor startar no CCBIO ein eigen forskarskule, og med symposiet på onsdag gjekk startskotet.

 

Stamceller, etiske spørsmål, kreftspreiing og behandlingsmetodar - det var berre noko av det som sto på dagsorden denne dagen.   

 

-Eg skal begynne på forskarlina og vil forske på munnholekreft, fortel deltakar Martha Rolland Jacobsen.

 

-Det er difor eg er her i dag. Det er mykje komplisert og vanskeleg å lære, men det er samtidig utruleg kjekt, seier ho med eit smil.

 

-Veldig interessant å vere her, stemmer masterstudent i nanovitskap Eivind Birkeland i.

 

- Formålet med CCBIO JUSS (Junior Scientist Symposium) er å auke kunnskapen om biomarkørar ved kreft, stimulere til auka engasjement i forsking, samt gje trening i framføring av eigne resultat og konstruktiv diskusjon, seier senterleiar for CCBIO, professor Lars A. Akslen.

 

- Møteserien er ein del av CCBIO Research School for Cancer Studies, og er godkjent som phd-kurs. Dei vil bli arrangert to gonger i semesteret, og er opne for alle interesserte, avsluttar Akslen.