Hjem
Det medisinske fakultet
News

Høgtideleg avslutting for nyutdanna kandidatar

Fredag 20. juni markerte fakultetet vårens uteksaminerte legar, tannlegar og tannpleiarar.

Dekan Nina Langeland handhelser på dei nyutdanna
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Dekan Nina Langeland hadde ein lang, men kjekk dag på jobb fredag 20. juni. Ho kunne gratulere 111 kandidatar med fullførte profesjonsstudium.

Både legar, tannlegar og tannpleiarar oppnår autorisasjon etter fullført grad, og er klare for byte ut studiekvardagen med arbeidslivet. Det var med andre ord ein god dag å finne fram finstasen for dei nyutdanna og deira nærmaste familie i salen.