Hjem
Det medisinske fakultet
Tildeling/legat

Åtte forskarar får støtte frå Astri og Edvard Riisøens legat

Tildelingane frå Astri og Edvard Riisøens legat er avgjort. Av tjuetre søkjarar, har åtte fått innvilga sine søknader i denne runden.

Illustrasjonsfoto: Mynter i hjerteformasjon
Tildelinga for denne søknadsrunden frå Astri og Edvard Riisøens legat blei avgjort på styremøtet i juni.
Foto/ill.:
Colourbox

På styremøtet i Astri og Edvard Riisøens legat i juni, blei det avgjort kven som skal få støtte frå legatet i denne utlysingsrunden.

Det er særleg søknadar om reisestipend som skal nyttast til å presentere eigne forskingsresultat ved internasjonale vitskaplege konferansar, frå forskarar utan fast stilling ved Universitetet i Bergen, som er blitt prioriterte.

Legatet mottok i alt 23 søknader på totalt 488 347 NOK. Av desse er det åtte som har fått innvilga støtte på i alt 105 000 NOK.

Søkjarane som har fått innvilga sine søknader er:

Therese H. Røst 15 000 NOK
Panagiota Papadakou7 500 NOK
Julie Sletten10 000 NOK
Torbjørn Pedersen15 000 NOK
Eirik Degerud12 500 NOK
Henrica Maria Johanna Werner 15 000 NOK
Mai Tone Lønnebakken15 000 NOK
Christine Haugen15 000 NOK