Hjem
Det medisinske fakultet
Forsking/Publikasjon

Bukspyttkjertelen sine to andlet

Ny forsking aukar forståinga av den diabetesrelaterte sjukdomen CEL-MODY.

Illustrasjonsfoto: DNA-streng
Ny forsking syner at ein genmutasjon i bukspyttkjertelen kan forklare den diabetesrelaterte sjukdomen CEL-MODY. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Hovedinnhold

Bukspyttkjertelen har to hovudfunksjonar: produksjon av fordøyingsenzym som bryt ned maten i tarmen, og utskilling av hormon som regulerer blodsukkeret. Forskarar ved KG Jebsen Senter for diabetesforsking studerer ein sjeldan, arveleg sjukdom der begge desse funksjonane er ramma. Nye forskingsresultat frå senteret bidrar til å auke forståinga av korleis dei ulike cellene i bukspyttkjertelen påverkar kvarandre.

Kva er CEL-MODY?

Sjukdomen CEL-MODY startar i dei enzymproduserande cellene i bukspyttkjertelen, og fører til ei redusert mengd enzym i tarmen. Dette gjer at det normale opptaket av mat blir forstyrra og pasientane får mageplager i ung alder. Etter kvart går dei cellene som produserer hormonet insulin, til grunne. Resultatet er at pasientane utviklar diabetes frå 30-40 års alder. Det merkelege er at CEL, proteinet som er øydelagt ved sjukdommen, berre finst i dei enzymproduserande cellene og ikkje i dei cellene som lagar insulin. Kva er det med sjukdommen CEL-MODY som gjer at proteinet likevel blir farleg for dei viktige insulincellene?

Dette spørsmålet var det forskarane Janniche Torsvik og Bente B. Johansson stilte seg i 2008. Og no, etter mange års omfattande studiar, meiner dei at delar av svaret er avdekka. Resultata frå forskinga deira er nettopp blitt publisert i amerikanske Journal of Biological Chemistry, eit av verdas leiande tidsskrift innan biokjemi og molekylærbiologi.

Mutasjon og indre øydelegging

Torsvik og Johansson meiner at sjukdommen kan forklarast ved at ein mutasjon endrar CEL-proteinet slik at det blir tatt opp igjen av celler i bukspyttkjertelen. Dette påverkar både dei cellene som lagar proteinet og dei cellene som ligg i nærleiken og produserer insulin. Fordi det muterte proteinet har ein negativ verknad på cellene, blir dei til slutt øydelagde. Dette fører til redusert utskilling av insulin og på lang sikt diabetes.


- Ved sjukdommen CEL-MODY har genet som gjev opphav til CEL-proteinet, fått ei endring, eller ein mutasjon, forklarar Johansson. Dette fører til at proteinet byrjar å klumpe seg saman, og desse klumpane kan klistre seg til utsida av cellene (sjå bilete 1).


- Vi såg at andre typar celler, også slike som produserer insulin, deretter kan «ete» det samanklumpa CEL-proteinet ved hjelp av ein prosess som heiter endocytose (sjå bilete 2), held Torsvik fram. ‒ Og når desse cellene har fått i seg CEL-proteinet, trivst dei dårlegare og døyr lettare.

 

Studien har vore leia av professorane Anders Molven og Pål R. Njølstad, og har i hovudsak vore støtta av midlar frå Bergen Medisinske Forskningsstiftelse og Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen. Forskarar ved tre institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen har vore involverte. Molven seier at Torsvik og Johansson no har tatt eit langt steg mot å forstå sjukdommen CEL-MODY.


- Samstundes understrekar resultata deira at det er viktig å sjå på bukspyttkjertelen som eitt organ der dei enzym- og hormonproduserande cellene påverkar kvarandre. Det skal bli spanande å sjå om liknande endocytoseprosessar som dei vi no har observert, er involverte i type 2 diabetes, altså i den aller vanlegaste forma for diabetes, avsluttar Molven.

 

Referansar:

Torsvik J, Johansson BB, Dalva M, Marie M, Fjeld K, Johansson S, Bjørkøy G, Saraste J, Njølstad PR & Molven A (2014). Endocytosis of secreted carboxyl-ester lipase in a syndrome of diabetes and pancreatic exocrine dysfunction. Journal of Biological Chemistry 289: 29097-29111.

Ræder H, Johansson S, Holm PI, Haldorsen IS, Mas E, Sbarra V, Nermoen I, Eide SÅ, Grevle L, Bjørkhaug L, Sagen JV, Aksnes L, Søvik O, Lombardo D, Molven A & Njølstad PR (2006). Mutations in the CEL VNTR cause a syndrome of diabetes and pancreatic exocrine dysfunction. Nature Genetics 38: 54-62.