Hjem
Det medisinske fakultet
Prisvinnar

Cecilie Svanes fekk kolspris

Cecilie Svanes er ein av dei mest siterte lungeforskarane i Noreg. I dag får ho LHL sin kolspris for si årelange innsats for astma- og kolsforskinga.

John Normann Melheim, leiar av LHL, og Cecilie Svanes, vinnar av kolsprisen 2014.
John Normann Melheim, leiar av LHL, og Cecilie Svanes, vinnar av kolsprisen 2014.
Foto/ill.:
Christopher Olssøn/LHL

Hovedinnhold

I dag mottek professor Cecilie Svanes (Senter for Internasjonal Helse ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin) kolsprisen frå Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL). Svanes forskar mellom anna på korleis besteforeldre og foreldre sine leverkår kan påverke utvikling av astma og kols blant born.

- Eg vil spesielt takke Universitetet i Bergen, som har ein viktig del av æra her, seier Svanes.

Svanes har publisert nærare 100 artiklar i ei rekke internasjonale tidsskrifter dei siste 30 åra, og er, i følgje LHL, blant dei mest siterte lungemedisinske forskarane i Noreg.

Samanheng mellom astma og kols
I følgje ein artikkel i Dagens medisin, har forskingsfeltet til Svanes famna over både astma, kols, kjønnshormon og genetikk. Svanes har i større og større grad forska på samanhengen mellom astma og kols, og ho har mellom anna synt at born med astma får 20 gonger hyppigare kols i vaksen alder enn born utan kols. Ikkje minst er ho oppteken av korleis miljø og livsstil ser ut til å påverke helsa til neste generasjon.


Yrkeskols
«Hun er opptatt av hvordan levekårene var under graviditeten til både bestemødre og mødre. Kan disse forhold påvirke barnets utvikling av astma og kols? For å få svar på disse spørsmål har hun startet studier hvor tre generasjoner blir vurdert nemlig besteforeldre, mor og far og barn», står det i grunngjevinga til juryen.

Svanes har også vore heilt sentral i norsk og internasjonal forsking på yrkesbetinga astma og kols, ifølgje LHL.

Fakultetet gratulerer!

Les meir om prisen på LHL sine nettsider.