Hjem
Det medisinske fakultet
Statsbudsjett

Alders- og sjukeheimsmedisin er budsjettvinnar

Hovedinnhold

Jubelen stod i taket då det blei kjend at Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS) er løyva to millionar over statsbudsjettet.


- Dette er særs gode nyhende, seier leiar for senteret, førsteamanuensis Bettina Husebø.


Senteret blei oppretta for å møte behovet for påfyll av kompetanse, fagutvikling og rekruttering for å løyse framtidige utfordringar innan eldreomsorg både på alders- og sjukeheimar og i den kommunale heimetenesta.


Med denne løyvinga har senteret fått endå betre føresetnader for å nå desse måla.


Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) er knytt til forskingsgruppa for allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Senteret er etablert i samarbeid med GC Rieberfondene, og har hovedfokus på forsking, undervisning og implementering av nettopp alders- og sjukeheimsmedisin, og dei baserar seg på både nasjonalt og internasjonalt samarbeid.