Nytt Horisont 2020-prosjekt til Universitetet i Bergen
EU-prosjektet Ultradian skal gjere diagnostisering og behandling av hormonsjukdomar betre og enklare for både pasientar og helsevesen.

Hovedinnhold
Forskingsprosjektet ULTRADIAN har nyleg fått tildelt seks millionar euro (om lag 55 millionar kroner) gjennom EU sitt åttande rammeprogram, Horisont 2020 (H2020).
- Dette er svært stort for oss, seier professor Eystein Husebye (Klinisk institutt 2). Han leiar prosjektet som Universitetet i Bergen (UiB) koordinerer.
- Det var sterk konkurranse mellom forskingsprosjekta, der under fem prosent av søknadane fekk tilslag, fortel Husebye vidare.
Krevjande diagnostikk
ULTRADIAN er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som tek utgangspunkt i at nøyaktig måling og kartlegging av hormonsvingingane i løpet av døgnet har vore svært vanskeleg. Samstundes har det vore tidkrevjande for både pasienten og helsevesenet. Behandlingsmetodane har i tillegg vore kompliserte, og med mange uønskte biverknader.
- Hormon blir rytmisk skild ut i kroppen, noko som gjev store svingingar i hormonnivået avhengig av tid på døgnet, måltid og stress. Svingingar frå time til time blir kalla ultradiske variasjonar. Desse er vanskelege å fanga opp i den vanlige diagnostikken, forklarar Husebye.
Betre behandling og pasientkvardag med ny forsking og teknologi
ULTRADIAN kombinerer fleire teknologiske nyvinningar. Vevsvæske frå feittvev under huda blir samla i 20-minuttsporsjonar over døgnet i ein berbar fraksjonssamlar, medan pasienten utfører sine daglege gjeremål. Ved hjelp av supersensitive målemetodar utvikla ved UiB og Uppsala Universitet, kan eit heilt panel av hormon målast i dei ørsmå porsjonane, slik at ein får eit bilete av hormonsvingingane over heile døgnet.
- Dette vil kunne forkorte tida for utgreiing kraftig, og ein kan unngå dyre innleggingar og testprosedyrar, seier Husebye.
Tverrfagleg samarbeid
Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB), University of Bristol, Karolinska instituttet, sjukehuset Evangelismos General Hospital i Athen og to teknologiske bedrifter, Olink AB og Designworks Windsor LTD.
- Ultradian er eit godt døme på eit såkalla «joint project», der ein nyttar seg av ekspertise frå mange ulike sentra, seier Husebye.
– I tillegg til klinikarar, er det mellom anna kliniske kjemikarar, ingeniørar, bioteknologar og helseøkonomar involvert i prosjektet. Det er mange som har gjort dette mogeleg med sine bidrag under søknadsprosessen, og eg vil gjerne få trekke fram både administrasjonen ved Klinisk institutt 2, Forskingsavdelinga ved UiB og forskingsrådgjevarane ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, og då særleg Corina Guder, samt partnarane våre ute i Europa. Dette har vore eit ekte lagarbeid, avsluttar Husebye.