Hjem
Det medisinske fakultet
Publikasjon

På veg mot å løyse hjernegåta?

Ny Nature-studie avdekkjer korleis arv påverkar hjerneutvklinga, og skapar optimisme for vidare forsking.

Illustrasjonsbilete frå studien: Analysane syner at genvariantar påverkar storleiken på ulike delar av hjernen.
Genetiske faktorar påverkar hjerneutviklinga. Overflatebaserte analysar syner at genvariantar påverkar storleiken på ulike delar av hjernen (illustrasjonsbilete frå studien).
Foto/ill.:
Hibar et al. Common genetic variants influence human subcortical brain structures//Nature Publishing Group

Hovedinnhold

Kven er du? Korleis tenkjer du? Kva hugsar du og korleis bevegar du deg? Hjernen bestemmer alt dette gjennom eit finstemt samspel mellom nerveceller i mange ulike hjerneområder. Når dette samspelet ikkje fungerer som det skal, kan ein få alvorlege sjukdomar, til dømes demens eller psykosar.

Omfattande internasjonalt forskingsprosjekt løyser hjernegåta 

Men korleis fungerer hjernen? Framleis finns det mange uløyste gåter knytt til dette. Eitt viktig spørsmål er korleis arv, eller genetiske faktorar, kan påverke storleiken på dei ulike områda i hjernen. Sidan kvar enkelt genvariant (ulike variasjonar av eitt og same gen) berre har ein liten effekt, er det oppretta eit verdsomspennande forskingssamarbeid for å kunne studere dette arbeidskrevjande spørsmålet.

Dei siste resultata frå ENIGMA-prosjektet (Enhancing Neuro Imaging Genetics through Meta-Analysis) blei nyleg publisert i Nature. Analysane syner ei rekkje genvariantar som påverkar strukturane i hjernen. Dette provar for første gong at det vil være mogeleg å avdekke og forstå stadig nye samanhengar mellom arv og hjerneutvikling hjå vanlege menneske.

Denne analysen har samanlikna MR-bilete av hjernar og data om gena til rundt 30.000 personar over heile verda. Forskarane har sett på storleiken til sju spesifikke område i hjernen og på totalvolumet til hjernen.

Ny optimisme for vidare forsking

- Desse resultata gjev ny optimisme for å søkje vidare etter dei arvelege mekanismane som utløyser mange hjernesjukdomar, seier Stephanie Le Hellard og Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Haukeland Universitetssjukehus).

Dei er særleg nøgde med data som syner at ein genvariant som ein allereie veit utgjer ein risiko for schizofreni også ser ut til å påverke hukommelsessenteret, eller hippocampusområdet, i hjernen.

Forskarar ved NORMENT/KG Jebsen-senteret for psykoseforsking i Bergen og Oslo har bidratt med MR-hjernebilete, genetikkdata og analysearbeid frå om lag 1500 personar i det publiserte ENIGMA-studiet.

- Bidraget vårt i ENIGMA-prosjektet har ikkje vore det mest sentrale, men utan innsatsen frå dei mange samarbeidande forskingsgruppene, inkludert oss, hadde det ikkje vore mogeleg å løyse denne gåta, avsluttar Le Hellard og Steen.

 

Referanse: Hibar et al. Common genetic variants influence human subcortical brain structures. Nature. 2015 Jan 21. doi: 10.1038/nature14101. [Epub ahead of print] PMID:25607358