Hjem
Det medisinske fakultet
Ebola

General i krigen mot ebola

-Eg huskar kjensla eg fekk den gongen eg først høyrte om ebola. Vi visste ikkje kva dette var, men frykta kom snikande. Så begynte kollegaene mine å dø.

Dr. Sam Okware
Vi må være tidleg ute og agere raskt når ebola-utbrota kjem, seier Samuel Okware. Han har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar for bidrag til førebygging av hiv og kontroll av ebolautbrota. Nyleg disputerte han ved Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
Privat

Samuel Okware er 67 år gammal. I over tre tiår har han kjempa innbitt mot sjukdom, liding og død i heimlandet Uganda. Når hovudfiendane er usynlege virus, og slagmarka blir tåkelagt av mangel på kunnskap, for lite ressursar, rykter og overtru – så er det ingen enkel jobb denne legen har teke på seg.

Leia ebola-arbeidet

Ebola. Livsfarleg, smittar fort, inga vaksine, inga effektiv behandling. Kraftige blødningar frå kroppsåpningar, høg feber, smerter og intens sløvhet. Det er ebola i eit nøtteskall.

Den frykta sjukdommen ebola vart først påvist i 1976, og har sidan den gong utløyst ei rekkje dødelege epidemiar i Afrika. I fjor vart over 20 000 menneske i Vest-Afrika smitta, fleire enn 8 000 av desse døydde.

Då ebola kom til Uganda i 2000, arbeidde Samuel som leiaren av landet sitt AIDS-program i helsedepartementet. Han var ein verdsett folkehelsespesialist som hadde vore involvert i det tidlege og banebrytande arbeidet med HIV-forebygging i Uganda.

- Når vi høyrte om dei første tilfella av ebola vart eg sett til å leie og koordinere arbeidet for å hindre spreiing av sjukdommen, fortel Samuel.

- Vi har hatt fem utbrot av ebola i Uganda sidan 2000. Med unntak av utbrotet i Bundibugoy i 2007, der det dukka opp ein ny type ebola-virus, har vi klart å få kontroll på situasjonen i løpet av eit par veker.


Med massiv erfaring på feltet, er Samuel Okware tydeleg på kva som er viktigast i kampen mot ebola: Tidleg diagnostisering og raske grep. Og godt leiarskap.

- Det gjeld ikkje minst dei lokale leiarane i nærmiljøa som blir råka. Det er desse som får ansvaret for å mobilisere helsepersonell, spore smittekjelder, ordne med isolat, dele kunnskap og ikkje minst støtte spesielle gravferds-team.


Gravferda til dei som døyr av ebola er nemleg ein av dei vanlegaste måtane at nye blir smitta. Direkte fysisk kontakt med lik er særs farleg. Dei siste timane før ein ebola-pasient døyr, blir viruset ekstremt aktivt og risikoen for smitteoverføring frå den døde kroppen er mykje høgare. Det vanlege gravferdsritualet i desse samfunna er at folk vaskar og tek på kroppen til den døde, for å vise kjærleik og respekt. Dermed kan eit siste farvel med ein kjær ende opp med at ein sjølv blir sjuk.

Frykt-epidemien   

Når ebola-viruset sprer seg, skapast det ein parallell epidemi, seier Samuel. Frykt-epidemien.


- Når ein i utgangspunktet ikkje har nok kapasitet, verken helsepersonell eller vernedrakter, isolat og anna utstyr, så er det særdeles farleg at frykt, rykter og overtru får spre seg. Folket treng stadfesting på at rette tiltak blir gjort, elles begynner dei å tru på rykter – ikkje livsviktige fakta, seier Sam.


- Det vi gjorde, var å jobbe tett med media, ved få ut viktige saker med fakta og kunnskap. Vi gjekk inn for å ha ein open og transparent dialog med publikum. På denne måten unngår ein panikk blant folk. Ingen jobbar bra i ein pressa situasjon hvis dei er omringa av rykter og overtru i staden for klare fakta.


Media over heile verda hadde massivt fokus på ebola i fjor. Eit einsidig mediafokus er eit tveegga sverd for Samuel.


- Ebola er skummelt, klart det. Men det er lett å gå glipp av det store bildet når mediadekninga blir så voldsom og einsretta. Ebola er ikkje berre ein relativt ny sjukdom for fattige land å hanskast med, det kjem på toppen av andre folkehelseproblem. Fram til 2013 var ikkje ebola den største helseutfordringa vi hadde i Afrika, for å seie det slik. Det hadde vore 25 utbrot og kring 2000 pasientar totalt. Det utbrotet vi ser i Vest-Afrika no derimot, med 8 800 døde, det er heilt klart eit stort problem. Og ressursane har blitt henta frå andre stader, som frå arbeidet mot malaria – ein vanleg sjukdom som kan kurerast. Eller vere dødeleg. Satsingar som skal hjelpe med familieplanlegging og mindre fattigdom blir råka.


Så media kan vere til god hjelp dersom dei går for ei open, faktabasert dekning. Vi gjorde det vi kunne for å bruke media på best mogleg måte, sånn sett.  

Ebola i framtida

Samuel Okware har gjennom arbeidet sitt blitt tildelt fleire nasjonale og internasjonale prisar for bidraget sitt til førebygging av hiv og kontroll av ebola-utbrota. Han er tilknytta Senter for internasjonal helse (SIH) ved Universitetet i Bergen, og disputerte nyleg. Kampen mot ebola inkluderer stadig meir kunnskap om viruset og korleis ein best kan kjempe mot det.


- Vi må gjere vårt beste for å byte ut desperasjon og kjensla av at dette er håplaust med håp, tiltru og meir kunnskap. Vi må vere tidleg ute og agere raskt når ebola-utbrota kjem, og lokale leiarar må få meir ressursar og kompetanse. Og så må det bli slutt på å kommunisere ut at ebola er ein dødsdom, for god behandling kan redde liv – og gje folk nytt håp og motivasjon for å kontakte helsevesenet dersom dei blir smitta. Lokalmiljøa i Uganda var dei som gjorde at vi klarte å avgrense epidemien, og lokalmiljø i heile Vest-Afrika må på same måten bli involvert, slik at dei kan verne seg og sine, avsluttar Samuel Okware.