Hjem
Det medisinske fakultet
Hjerneåret 2015

Fantastiske moglegheiter og kompliserte sjukdomar

Korleis kan ein best ta vare på hjernen og forebygge hjernesjukdomar? Korleis kan dei som lir av hjernesjukdomar få betre omsorg og behandling? Dette er sentrale spørsmål under Hjerneåret 2015.

Illustrasjonsbilde: Hånd holder hjerne
Foto/ill.:
Colourbox

Sjukdomar i hjernen og i nervesystemet er ei stor utfordring både for dei som vert ramma, pårørande og samfunnet. Hjerneåret er ei norsk og europeisk markering dette.

- Me ynskjer å peike på kva som kan gjerast for å betre behandlinga av desse sjukdomane, seier professor Nils Erik Gilhus, instituttleiar ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen.

Ny forsking - nye moglegheiter

Hjerneåret er viktig avdi ny forskingsbasert informasjon gjev nye behandlingsmoglegheiter.

- For hjerneslag og multippel sklerose har behandlinga blir vesentleg betre heilt i det siste. Epilepsi, Parkinson sjukdom, migrene, depresjon og schixofreni er andre sjukdomar der effektiv behandling utgjer ein stor skilnad for dei som er ramma, fortel Gilhus.

Alzheimers sjukdom og anna demens er ei stor utfordring, men lovande forskingsresultat gjev grunnlag for forsiktig håp.

- I Hjerneåret er det difor viktig å opplyse om dei moglegheitene som finns, og å understreke korleis vidare forsking i nær framtid vil gje endå betre behandling av hjernesjukdomar, seier Gilhus.

Uendeleg lagringsplass og kontinuerleg læring

At hjernen er både viktig og fascinerande, er det ingen tvil om.

- Det er fantastisk korleis hjernen heile tida er open for nye inntrykk og kan lagre dei. Uansett kor mykje som er der frå før, er det alltid plass til meir. Læring skjer kontinuerleg, og heilt utan fortrengsel for det som allereie er lært og lagra, seier Gilhus entusiastisk.

- Det er også utruleg å tenkje på at hjernen er bygd opp av milliarder på milliarder av enkeltceller som kvar har forbindelse med tusenvis av andre celler. Tenk at me alle held orden på eit slikt nettverk, avsluttar Gilhus. 

Hjernen i sentrum

Målet med Hjerneåret er å fremje betre behandling av sjukdomar og nervesystemet, informere om desse sjukdomane og behandlingsmoglegheitene som finns, samt stimulere til meir og betre forsking.

- Hjerneåret skal sette fokus på hjernen og nervesystemet, på dei fantastiske moglegheitene og på dei kompliserte sjukdomane. Dette skal me gjere med hjelp av informasjon, møte og medier, og ved dialog mellom fagpersonar og samfunnet, fortel Gilhus.


På Facebooksida til Hjerneåret i Bergen 2015 finn du informasjon om aktivitetane i Bergen i høve Hjerneåret.