Hjem
Det medisinske fakultet
Debatt

Full openheit i vaksinedebatten

-Vi har ingenting i mot full openheit når det gjeld bindingane til legemiddelindustrien. Det seier vaksineforskarane Rebecca Cox og Kristin G. I. Mohn, som har engasjert seg i vaksinedebatten.

Illustrasjonsbilete: Vaksinering
Det er viktig at fakta kjem på bordet i ein kjensleladd debatt, seier forskarane Rebecca Cox og Kristin G. I. Mohn om vaksinedebatten som har gått føre seg den siste tida. Illustrasjonsbilete: Colourbox.

Det har vore mykje merksemd kring UiB-forskarane Rebecca Cox og Kristin G. I. Mohn den siste tida. Det starta med ein kronikk i Bergens Tidende – «Sølje Bergmann er farligere for barn enn vaksiner» (Bergmann har markert seg som vaksinemotstandar og har ikkje gjeve borna sine meslingvaksina). Kronikken spreidde seg raskt på sosiale media - uvanleg raskt. Fleire hundre tusen klikka seg inn på bt.no og las innlegget. Det er delt nærmare 50 000 gongar på sosiale mediar på få dagar. Kort sagt, responsen på dei engasjerte forskarane var enorm.

-Tilbakemeldingene har vore overveldande positive, fortel Rebecca Cox.


-Vi er veldig glade for at kronikken vart lest av så mange, det er viktig å få frem korrekte fakta når det i seinare tid har vore mykje uriktig synsinig i media omkring barnevaksinasjoner. Dersom vi kan bidra med fakta og få fram at meslingar framleis er ein trussel i Europa, dersom eitt barneliv er spart, så har vi oppnådd noko. Men målet i fagmiljøet var å få utrydda meslingar i Europa i løpet av 2015, og det klarer vi dessverre ikkje.


Mange som kommenterer debatten dreg inn svineinfluensavaksinen, som har fått mykje fokus på grunn av sjeldne biverknader.


-Eg vil presisere at vi skreiv spesifikt om meslingvaksinen som har vore brukt i mange tiår. Ja, det fins born og vaksne som har fått sjeldne biverknader av ulike vaksiner, og vi har den største medkjensle med desse. Men utan vaksinasjonsprogrammet ville vi fått tilbake barnesjukdomar i Norge, seier Cox.

Fakta på bordet

Målet med kronikken var å få fram fakta i ein kjensleladd debatt. Og kjensler vart vekt, noko fleire overoppheta kommentarfelt viste. Hundrevis av kommentarar vart skrivne frå alle krokar av landet. Blant alle heiaropa frå nettfolket kjem det også klart fram at ein del vaksinemotstandarar meiner at forskarar som Cox og Mohn mottek pengar av legemiddelindustrien. Også Sølje Bergmann trur at økonomiske motiv er eit medverkande motiv i den norske vaksinedebatten. Folkehelseinstituttet har tilbakevist dette.


-Dette er ein lett påstand å legge fram, men det stemmer rett og slett ikkje, seier Cox.


-Legemiddelindustrien er regulert gjennom norsk lov, lova som forbyr utilbørleg påverknad av helsepersonell. Samstundes skal vi vere klare over at det er viktig at det blir forska på legemiddel. Utan forsking kjem vi ikkje med betre og nye vaksiner og medisinar. Vi må forske på alt dette, vi må forske på biverknader, vi må lære meir. Forsking kostar pengar, svært mykje pengar. Reglane for å forske er svært strenge, og det skal dei vere. Av og til kan det vere heilt naturleg at legemiddelindustrien og forskarar samarbeider, for eksempel i utprøving av nye medikament.


Med opne kort

-Vi har intet å skjule, sler Rebecca Cox fast.


Dei siste dagane har både ho og kollega Kristin G. I. Mohn gått gjennom alle papir og avtalar som dei har klart å oppdrive. Det er ikkje lite, og Cox har gått 15 år tilbake i tid.


-Det er viktig å vere opne om kvar forskingsmidla kjem frå, seier dei to.


-Vår forsking er støtta av Universitetet i Bergen, Helse Bergen, Norges Forskingsråd, EU, den private stiftinga KG Jebsen og Helsedirektoratet. Vi har fått nokre reagensrør med biologisk materiale frå legemiddelindustrien, men pengar har det vore lite av. Generelt takkar vi nei til honorar. Vi gjev stort sett gratis forelesingar, vi syns det er vår plikt å formidle det vi kan by på av fagleg kunnskap, seier Cox.

 

Rebecca Cox - løn og finansiering

Løn – Universitetet i Bergen og Helse Bergen (professor ved Klinisk institutt 2 og leiar ved Influensasenteret i Bergen, eit samarbeid mellom UiB, Helse Bergen og Helsedepartementet)

Finansiering til forsking:

  • Helse Vest 2014-16
  • EU, IMI2-JU (2014-19)
  • KG Jebsen Centre for Influenza Vaccine Research 2013-17 (KG Jebsen er ei privat stifting som i hovudsak støttar medisinsk og maritime forsking.) 
  • EU, FP7 Univax 2013-18
  • Norges forskningsråd Globvac 2013-17
  • Norges forskningsråd Biobank 2013-16
  • Helsedirektoratet 2009
  • Helse Bergen 2009-14
  • Norges forskningsråd Globvac 2008-2012
  • EU, FP7 2008-2012
  • EU, FP6 2007-2011
  • EU, 2001-6

 

Bidrag fra industrien:

  • 2013 - foredrag under fagseminar Infeksjonsforum vest-Norge – takka nei til honorar
  • 2009 - foredrag om fugleinfluensa for Baxter, takka nei til honorar
  • 2009 & 2012 - Protein (reagens) frå GlaxoSmithKline
  • 2012 - Rådgiver Nordic Fluenz Advisory Board – 5318 kr
  • 2014 - Levande virus (reagens) frå Astra Zeneca

 

Kristin G. I. Mohn - løn og finansiering

  • Løn – stipendiatlønn, UiB
  • Lønn Hus - vakter ved medisinsk avdeling og reisepoliklikken


Finansiering til forsking:

  • Universitetet i Bergen
  • Helse Bergen
  • Inga forsking for private firmaer

 

Bidrag frå industrien/honorar for undervising:

  • 2013 - foredrag under fagseminar “Infeksjonsforum vest-Norge” for infeksjonsleger og mikrobiologer - 2000 kr
  • Ingen honorar for kronikkar
  • Ingen honorar for foredrag gjeve under “ØNH regionsmøte” eller “Immunologiens dag”

 

Vil få fakta ut til folket

Rebecca Cox og Kristin G. I. Mohn er opptekne av å få fakta ut til folket.

-Det er viktig at vi har ein balansert samfunnsdebatt som er faktabasert. Berre slik kan foreldre få korrekt informasjon slik at dei sjølve kan ta informerte avgjerder om vaksinasjon av borna sine. Sjukdommar som meslingar, raude hunder, og andre alvorlege barnesjukdommar vil forbli ein trussel dersom ein vel å ikkje vaksinere borna, avsluttar Cox og Mohn.