Hjem
Det medisinske fakultet
Fakultetsdagen

Fakultetsdagen 2015

Forskings- og utdanningsprisane vert delte ut på fakultetsdagen. Og har du høyrt at rektor Dag Rune Olsen kjem?

Prisvinnarar: Stein Ove Døskeland, Dag Moster for Mette Tollånes, Jim Lorens, Oddrun Gudbrandsen, Ute Kessler, Rune Bjørneklett
Prisvinnarar: Frå venstre Stein Ove Døskeland (Falchs seniorpris), Dag Moster for Mette Tollånes (årets publikasjon), Jim Lorens (årets forskingsgruppe), Oddrun Gudbrandsen (årets framifrå forskingsformidlar), Ute Kessler (årets ph.-d.-arbeid), Rune Bjørneklett (undervisningsprisen), Gunnar Høvding for Seksjon for oftalmologi (studiekvalitetsprisen) og Marit Bakken for Masterprogram i biomedisin (internasjonaliseringsprisen).
Foto:
Jørgen Barth, UiB

Innhold

Utdannings- og forskingsprisar

Torsdag 18. juni feirar Det medisinsk-odontologiske fakultet sine dyktige forskarar og undervisarar med utdeling av studie- og forskingsprisar.

Les om vinnarane av årets prisar og grunngjevinga for tildelingane.

Rektor deler ut Søren Falchs seniorpris

I år vil skal også Søren Falchs seniorpris delast ut. Tidlegare har tildelinga funne stad på rektor sitt kontor, men i år tek rektor Dag Rune Olsen turen til fakultetet for gjere dette i samband med fakultetsdagen.

Søren Falchs seniorpris er på 250 000 kroner. Fondet som deler ut prisen legg særleg vekt på arbeid som er av stor vitskapleg eller sosial betyding.

 

Sett av dagen!

Fakultetet oppfordrar alle studentar og tilsette til å møte opp og bli inspirert av dei framifrå prisvinnarane.

Hald av dagen og bli med på feiringa!

 

Tid: torsdag 18. juni kl. 10-13

Stad: Auditorium 4, BB-bygget

Program:

10.00

Velkommen – dekan Nina Langeland

10.15

Utdeling av Falchs seniorpris for 2015 – rektor Dag Rune Olsen

10.20

Forelesing ved vinnaren av Falchs seniorpris

10.45

Etablering av nytt Senter for ernæring

11.00

Fotografering av prisvinnarane

Pause med enkel servering

11.45

Utdeling av Det medisinsk-odontologiske fakultets forskningsprisar

- Årets forskingsgruppe

- Årets publikasjon

- Årets ph.d.-arbeid

- Årets framifrå forskingsformidlar

12.25

Utdeling av Det medisinsk-odontologiske fakultets studieprisar

- Studiekvalitetsprisen

- Undervisningsprisen

- Prisen for internasjonalisering i studiane

12.55

Avslutning – dekan Nina Langeland