Hjem
Det medisinske fakultet
News

Professor James Lorens nytt medlem av divisjonsstyre i Forskingsrådet

Hovudstyret i Forskingsrådet har oppnemnd nye divisjonsstyrer. Professor James Lorens vert medlem av divisjonsstyret for innovasjon frå 1. juni 2015.

Professor James Lorens ved Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen (UiB) er oppnemnd som medlem av Forskingsrådet sitt divisjonsstyre for innovasjon for perioden 1. juni 2015 til 31. mai 2019.

Lorens har lang røynsle med leiande stillingar innan både forsking og industri i Noreg og i USA. Han har mellom anna etablerte eit aktivt grunnforskingsprogram med vekt på kreft ved UiB, etablert  privatselskap og leia forskingsavdelingar både i Noreg og USA. Dei siste 10 åra har han også røynsle frå fagelg og norsk forskingspolitisk komitéarbeid, og han har teke del i fleire større internasjonale forskingssamarbeid.

I følgje mandatet, har divisjonsstyra eit særskild ansvar for å bidra til at Forskingsrådet oppnår gode resultat med omsyn til kvalitet og relevans i forskinga, legitimitet og tillit frå omgjevnadane samt heilskap og samspel innad i Forskingsrådet.

Divisjon for innovasjon er, i følgje Forskingsrådet sine nettsider, ein sentral strategisk og operativ aktør for å realisera Regjeringa sin plan for innovasjonspolitikk. Divisjonen har ansvar for å mobilisera og finansiera forsking i og for norsk næringsliv. Dei skal også gjera analysar og utvikla strategiar for ulike temaområde og innovasjonssystemet som heilskap.  

Hovudstyret oppnemnde følgjande medlemmar til divisjonsstyret for innovasjon:

  • Eli Aamot, konserndirektør, Statoil ASA, leiar av divisjonsstyret, medlem av Hovudstyret
  • Stig-Erik Jakobsen, professor, Høgskolen i Bergen
  • Tore Ulstein, viseadministrerande direktør, Ulstein Group
  • Lars Holden, administrerande direktør, Norsk Regnesentral
  • Helene Fladmark, leiar, Eyde-nettverket
  • James Lorens, professor, Universitetet i Bergen
  • Camilla S. Gramstad, miljø- og CSR-ansvarlig, Hovudorganisasjonen Virke
  • Jeanette Iren Moen, avdelingsleiar, Fellesforbundet
  • Tanja Storsul, professor, Universitetet i Oslo
  • Kristin Misund, forskingssjef, Borregaard

 

I tillegg til Lorens i divisjonsstyret for innovasjon, er UiB representert i divisjonsstyret for vitskap med prorektor Anne Lise Fimreite og professor Inga Berre (Matematisk institutt). Fimreite blei utnemnd som leiar for divisjonsstyret i slutten av 2014, medan Berre vert medlem frå 1. juni 2015.

 

Sjå lista over alle medlemmane i Forskingsrådet sine divisjonsstyrer her.