Hjem
Det medisinske fakultet
Biomedisin

Oppdaga løyndomen bak hukommelsesprotein

Forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) har for fyrste gong skildra strukturen og stabiliteten i eit protein som er involvert i ei rekkje sjukdomar knytt til kognitiv svikt, inkludert Alzheimer, avhengigheit og nevropsykiatriske lidingar.

Hukommelsesproteinet Arc er involvert i ei rekkje sjukdomar knytt til kognitiv svikt, inkludert Alzheimer og nevropsykiatriske lidingar.
Hukommelsesproteinet: Arc-proteinet er involvert i ei rekkje sjukdomar knytt til kognitiv svikt, inkludert Alzheimer og nevropsykiatriske lidingar. Saman med forskingskollegaer, har Craig Myrum skildra strukturen i proteinet for fyrste gong. Betre kjennskap til proteinet er svært viktig for vidare forsking og forståing av denne typen lidingar.
Foto/ill.:
Colourbox

Saman med kollegaer frå Universitetet i Bergen (UiB), Centro Nacional de Biotecnologia og Universitetet i Grenoble, har forskar Craig Myrum ved Institutt for biomedisin publisert artikkelen Arc is a flexible modular protein capable of reversible self-oligomerization i Biochemical Journal. I artikkelen blir struturen til Arc-proteinet (aktivitetsregulert cytoskjelettassosiert protein) skildra for fyrste gong.

Arc-proteinet spelar ei sentral rolle i lærings- og minnedannande prosessar. Sidan den tredimensjonale strukturen er avgjerande for korleis proteinet fungerer, er svært viktig å lære meir om nettopp denne strukturen for vidare forsking og forståing av lidingar knytt til kognitiv svikt, slik som Alzheimer.


Framleis eit
mysterium

Læring og minnedanning skjer ved at hjernen endrar seg under innlæringsprosessar. Denne endringa i hjernen skuldast i vesentleg grad endringar (plastisitet) i dei synaptiske forbindelsane mellom nervecellene som tek del i desse læringsprosessane.

- Arc-proteinet er naudsynt for både styrking og svekking av synapsane. Proteinet har difor vore skildra som ein «hovudregulator" når det kjem til plastisitet i synapsar og minnedannande prosessar. Men korleis Arc-proteinet gjer dette, er framleis eit mysterium. Arc ser ut til å vera eit fleksibelt knutepunktprotein som er i stand til å kommunisera med ulike "partnarar" i spesifikke delar av cellene. Våre funn kan føre til ei betre forståing av korleis Arc-proteinet er regulert på molekylnivå, fortel hovudforfattar Craig Myrum til Portland Press.

Tverrfagleg tilnærming for betre forståing


Å forstå strukturen til Arc-proteinet er eit vesentleg steg når ein freistar å utvikla nye behandlingsmetodar for dei ulike lidingane med kognitiv svikt som er knytt til Arc-proteinet.

- Me har ei svært tverrfagleg tilnærming for å læra meir om Arc. Me nyttar biokjemiske analysar for å avdekka andre måtar Arc påverkar desse "partnarane", me nyttar avansert mikroskopi for å visualisera korleis Arc-proteinet fungerar, og me gjer analysar av menneskegen for å undersøkje om genetisk variasjon påverkar prosessane som er knytt til Arc. Me vonar også å lukkast i meir djuptgåande krystallografiske analysar av strukturen til Arc-proteinet, seier Myrum.

 

Referanse:

Myrum C, Baumann A, Bustad HJ, Flydal MI, Mariaule V, Alvira S, Cuéllar J, Haavik J, Soulé J, Valpuesta JM, Márquez JA, Martinez A, Bramham CR. (2015) Arc is a flexible modular protein capable of reversible self-oligomerization. Biochem J. 468 (145–158) (open access): http://www.biochemj.org/bj/468/bj4680145.htm