Hjem
Det medisinske fakultet
Prisvinnar

Kreftforskingspris til Rolf Bjerkvig

Professor Rolf Bjerkvig ved Universitetet i Bergen (UiB) er tildelt Kong Olav Vs kreftforskingspris 2015.

Professor Rolf Bjerkvig
Kreftforskingspris: Professor Rolf Bjerkvig er tildeldt Kong Olav Vs kreftforskingspris 2015 for sitt arbeid med hjernekreft. Her frå markeringa ved Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
Marion Solheim, UiB

Professor Rolf Bjerkvig ved Institutt for biomedisin får Kong Olav Vs kreftforskingspris på 1 millionar kroner for arbeidet sitt med hjernekreft og overføring av resultat frå basalforsking til klinikk. 

Kreftforeininga skriv i ei pressemelding at Bjerkvig har utmerka seg som ein sterk forskingsleiar som har hatt svært mykje å seie for norsk kreftforsking, og som er høgt akta internasjonalt. Hovudmålet med forskinga er å finne nye og betre behandlingsmetodar for pasientar med hjernesvulst.

Leiande innan hjerneforsking

Bjerkvig har bygd opp og leiar eit stort forskingsmiljø både i Bergen og i Luxembourg, mellom anna med støtte frå Kreftforeininga i meir enn 20 år.

I 2013 blei forskingsmiljøet ytterlegare styrka då Bjerkvig fekk 16 millionar kroner i støtte frå K.G. Jebsen stiftinga i 2013 for å opprette det som i dag er K.G. Jebsen senter for hjerneforsking. Bjerkvig er leiar for senteret, som har om lag 50 basalforskarar knytt til seg.

 

Prestisjetung pris

Kreftforeininga deler ut prisen årleg til kreftforskarar som har gjort ein framifrå innsats for å fremja kvaliteten og omfanget på norsk kreftforsking. Det er knytt stor prestisje til prisen, som går til det mest framståande innan heile spekteret av norsk kreftforsking.

HM Kong Harald V deler ut prisen på vegner av Kreftforeininga i Oslo 8. juni.