Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Åpning av det nye studieåret ved Det medisinsk-odontologiske fakultet

Mandag 10. august markerte fakultetet starten på eit nytt studieår ved å ønske velkomen til ca. 350 nye studentar til studieprogramma tannpleie, ernæring, farmasi, odontologi og medisin.

Velkomst i stort auditorium
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær

Programmet vart innleia med nydeleg song frå fakultetet sine kor Laudes og Plica Vocalis før dekan Nina Langeland ønska dei nye studentane våre velkomen til fakultetet.

Dekanen hadde fokus i opningstalen sin på dei auka utfordringane helsepersonell møter i dag, med ein eksplosiv kunnskapsutvikling innanfor dei ulike fagområda fakultetet tilbyr utdanning i.

Studentar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet skal arbeide både for menneske og for samfunnet, og må tileigne seg gode ferdigheiter innanfor kommunikasjon, samt øve opp evna til å gjere gode vurderingar og ta gode avgjersler.

Nytt av året er innføringa av ny studieplan i medisin, som dei nye studentane på medisinstudiet er teke opp til. Studiestartveka vert difor meir hektisk enn vanleg for medisin- og odontologistudentar som skal følgje eit introduksjonskurs. Dette blir spennande å følgje med på utover hausten.

Studentane fekk også eit lite innblikk i studentdemokratiet ved fakultetet, gjennom leiar for Medisinsk-odontologisk studentutval, Eivind Valestand si velkomsthelsing til dei nye studentane. Undersøkingar viser at heile 70 % av studentane våre engasjerar seg i ein eller fleire studentorganisasjonar. Kanskje finn dei nye studentane våre seg ein studentorganisasjon som høver for dei, og engasjerer seg òg utanom studia.

No ventar resten av studietida og spennande faglege og sosiale opplevingar. Vi ønskjer dei nye studentane våre velkommen til Det medisinsk-odontologiske fakultet.