Hjem
Det medisinske fakultet
Falch 2015

Ung nevrolog fekk Falchs juniorpris 2015

Arbeidet med å finne genetiske faktorar som utløyser nevrologiske sjukdomar, slik at ein kan utvikle betre behandling i framtida, gav Falchs juniorpris 2015.

Kristoffer Haugarvoll
PRISVINNAR: Forskar Kristoffer Haugarvoll er tildelt Falchs juniorpris 2015, mellom anna for sitt arbeid med å finne genetiske faktorar som utløyser nevrologiske sjukdomar, slik at ein kan utvikle betre behandling i framtida.
Foto/ill.:
Jørgen Barth og Anne Sidsel Herdlevær, UiB

-Det er svært kjekt å vinne denne prisen, seier forskar Kristoffer Haugarvoll (Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen) glad.


- Kva betyr denne prisen for deg, forskinga di og fagområdet ditt?

- Forsking på nevrodegenerative sjukdomar og bevegelsesforstyrringar blir stadig viktigare ettersom høg alder er ein viktig risikofaktor. Dette skjer fordi den eldre delen av befolkinga vert stadig større, i og med at dei fleste kan forvente ein høgare levealder. At forskinga vert lagt merke til er kjekt både for oss som arbeider med det til dagleg, for meg personleg, og alle medarbeidarane i  forkingsgruppa vår "Translational Science in Neurodegeneration and Aging" ved Universitetet i Bergen (UiB). Mykje er framleis ukjend når det gjeld årsakene til denne sjukdomsgruppa, og prisen motiverer til vidare arbeid for å finne ut meir, forklarar Haugarvoll.

 

Haugarvoll blei spesialist i nevrologi i 2014, og held fram med å spesialisere seg innan molekylær nevrologi. Han studerer familiar for å identifisere genetiske årsaker til sjukdom. Han har identifisert genetiske variantar som påverkar sjukdomsrisiko ved å samanlikne genetiske markørar mellom pasientgrupper og grupper av friske kontrollpersonar. 

- Kva syns du sjølv har vore det mest spanande/viktige med forskingsarbeidet ditt?

- Den teknologiske utviklinga, har gjort det mogeleg å gjenomføre søk etter nye genetiske sjukdomsårsaker på ein langt meir effektiv måte enn tidlegare. Samtidig er "gamle" prinsipp for genetikk og god klinisk evaluering minst like viktig som tidlegare, seier Haugarvoll.

Haugarvoll har ein brei internasjonal bakgrunn. Han er utdanna cand.med. i Paris og Tübingen, og tok seinare doktorgraden ved NTNU. I samband med doktorgraden, tilbrakte han tre år ved Mayo-klinikken i Jacksonville, USA. Tidlegare i år fekk han forskingsmiddel frå Noregs Forskingsråd under det prestisjefulle stipendet "Young Research Talent". Trass i den unge alderen, har Haugarvoll allereie publisert 34 artiklar i leiande internasjonale tidsskrift, og han arbeider innan eit konkurranseprega felt som er høgt prioritert internasjonalt.


- Er det noko du sjølv vil trekke fram i samband med tildelinga?

- Eg vil gjerne takke postdoc.-rettleiaren min, professor Laurence A. Bindoff. Eg vil også takke Stefan Johansson og Per M. Knappskog ved Klinisk institutt 2 (UiB) og Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin (MGM) (Haukeland universitetssjukehus), for godt samarbeid, avsluttar Haugarvoll.