Hjem
Det medisinske fakultet
Forskingsdagane 2015

Kreftcella Fråtse-Frida engasjerte unge forskarspirar

Begeistra born og vaksne stod tett i tett då forskarar ved Center for Cancer Biomarkers (CCBIO) framførte skodespelet om kreftcella Fråtse-Frida på Forskingstorget.

Kreftcella Fråtse-Frida får hjelp til å kople seg på blodsirkulasjonssystemet
INTERAKTIV FORSKINGSFORMIDLING: Kreftcella Fråtse-Frida (stipendiat Henriette C. Ertsås) får hjelp av ein ivrig tilskodar til å kople seg på blodsirkulasjonssystemet.
Foto/ill.:
Randi Holmås

Korleis klarar ei kreftcelle å manipulera andre celler og immunforsvaret i kroppen, og korleis kan ho stoppast? Med eit interaktivt skodespel om kreftcella Fråtse-Frida, fekk oppglødde born ta del i kampen mot kreften, som arbeidarar på kreftcella sin byggeplass, som kroppen sine eigne politiceller, og som forskarspirar i laboratoriet.

Spanande og lærerikt

– Me ville skapa noko som kan vere både spanande og lærerikt for borna, seier postdoktor Agnete Engelsen ved Center for Cancer Biomarkers (CCBIO). Saman med forskar Gro Røsland, har ho og fleire unge stipendiatar og eldsjelar frå CCBIO tatt initiativ til å formidle forskinga si på Forskingstorget under Forskingsdagane i Bergen.

 

Ei listig kreftcelle

Usyninga møter me den oppfinnsame og manipulerande kreftcella Fråtse-Frida, spelt med stor innlnder frameving av stipendiat Henriette C. Ertsås. Fråtse-Frida har bygd seg bustad i ein krok på Forskingstorget, og i starten let dei frammøtte borna seg lett overtale til å hjelpe henne med å skaffe både næring og blod, i form av bollar og raud saft.


Men Fråtse-Frida er aldri nøgd; ho krev meir og meir. Ho klarar til og med overtale borna til å koble henne på systemet som styrer blodsirkulasjonen. Når immunforsvaret freistar å stanse henne med å sende inn politiceller, lurar ho dei trill rundt, slik at ho kan halde fram med å ete, vekse og utvide territoriet sitt.

– Målet med forestillinga er å syne korleis kreftceller manipulerer andre celler i kroppen, og korleis forskarane arbeider for å få has på ustyrlege kreftceller gjennom målretta behandling, forklarar Engelsen. 

Forskinga sigrar til slutt

Etter kvart skjønar borna at Fråtse-Frida ikkje er til å stole på. Dei unge forskarspirane blir med på laboratoriet, og saman med forskarar frå CCBIO identifiserer dei ein eigenskap ved kreftcella dei kan angripa, slik at ho ikkje lenger kan lura seg unna politicellene. Ved til slutt å nytta målretta behandling, lukkast dei endeleg med å stoppa Fråtse-Frida.


Og då kampen mot kreften endeleg var over, vanka det både diplom og fargerike ballongar som ikkje levnar noko tvil om at eigaren er ein ekte forskarspire.