Hjem

Det medisinske fakultet

Hjelpemiddel til eksamen ved Det medisinske fakultet

Institutta avgjer kva for hjelpemiddel som er tillatt å bruke under ein skuleeksamen. Du kan finne informasjon om tillatte hjelpemiddel i emneskildringane.

Student holder bøker
Foto:
Siri Hole Fjetland

Tillatte hjelpemiddel til eksamen

Det er viktig at du sjekker kva for hjelpemiddel som er tillatt å bruke på eksamen i ditt emne. Dei tillatte hjelpemidla kan variere frå emne til emne. Det er difor viktig at du sjekker emneskildringa til emnet ditt før du skal ha eksamen.

Informasjon om kva som er tillatt å bruke som hjelpemiddel til eksamen skal til ein kvar tid stå under fana 'vurderingsformar' i emneskildringa.

Ordbok

På dei fleste skuleeksamenar kan du ha med deg ei rettskrivingsordliste eller ordbok.

Ordboka må vere:

  • Generell. Det vil seie at ordboka oversetter ord frå eit språk til eit anna (f.eks. frå tysk til norsk).
  • Må ikkje vere medisinsk
  • Må ikkje vere leksikalsk (dvs. skildrande, og innehalde definisjonar av ord).
  • Må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller eit anna språk.
  • Må ikkje vere elektronisk.

Gjennomgang av hjelpemiddel

Ønskjer du å bruke ordbok til eksamen, må denne leverast for gjennomgang til institutt seinast ei veke før eksamensdagen. Du får utlevert ordboka igjen i eksamenslokalet. Det er viktig at ein i forkant av innleveringa kjenner til kva for reglar som gjeld i tilknytning til bruk av hjelpemiddel og kjelder, sjå studieforskrifta § 9.1

Mobiltelefon, og anna teknisk utstyr som ikkje er tillatte hjelpemiddel kan du ikkje ta med bort til eksamensbordet.

Ulovleg bruk av hjelpemiddel til eksamen

Det medisinske fakultet ser alvorleg på fusk på eksamen. Det kan få store konsekvensar for deg om du har med hjelpemiddel som ikkje er tillatt på eksamen. Dette gjeld òg om hjelpemiddelet ikkje har vore i bruk, eller om det ikkje er til hjelp på den aktuelle eksamenen.