Hjem
Det medisinske fakultet
Utsmykking

Skulpturen "Nina" avduka i Armauer Hansens Hus

Skulpturen "Nina" blei avduka i Vestibylen i underetasjen i Armauer Hansens Hus, tysdag 15. desember.

Kunstverket "Nina" av kunstnar Anngjerd Rustand blei avduka i Armauer Hansens Hus tysdag 15. desember.
Kunstverket "Nina" av kunstnar Anngjerd Rustand (til høgre i biletet) blei avduka i Armauer Hansens Hus tysdag 15. desember.
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

Skulpturen Nina er eit permanent kunstverk laga til Armauer Hansens hus. Kunstnar Anngjerd Rustand fortel at Nina er laga av bøketre som blei planta i Fløysvingane av Bergens Skog- og Træplantningsselskap for rundt hundre år sidan. Trea fall ned i stormen med same namn i januar 2015.

Bøkestammen er skåre opp til lekter, høvla og sett saman igjen. Kvar lengd er hengt opp frå golv til tak, i den opprinnelege forma, men med mellomrom mellom materiala. Gjennom den enkle behandlinga av treet, vert alle spenningar, råtne parti og andre ujamnskapar synlege.

Kunstverket står i vestibylen i underetasjen i Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28.