Hjem
Det medisinske fakultet
Prisvinnar

Hjarteforskingspris til Kenneth Dickstein

Kenneth Dickstein har fått Hjarteforskingsprisen 2016 frå Nasjonalforeininga for folkehelsa. Han får prisen for sitt avgjerande forskingsbidrag innan hjarte- og karforsking, og for rolla i oppbygginga av sitt akademiske miljø.

Kenneth Dickstein (Klinisk institutt 2) er professor ved Universitetet i Bergen (UiB) og overlege ved medisinskintensiv avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Prisen frå Nasjonalforeininga for folkehelsa heng høgt, og bygger på ei fagleg vurdering av forskingsinnsatsten til vinnaren innan hjarte- og karforskinga i Noreg.


Dickstein er Noregs mest siterte medisinske professorar, i følgje SUS. Han har arbeidd som forskar ved Harvard Medical School, men tok doktorgraden sin ved UiB i 1992. I 2014 blei Dickstein rangert blant verdas éin prosent mest innflytelsesrike forskarar, uavhengig av fagfelt, av nyhendetenesta Thomas Reuters.

 

 

Kjelder: