Hjem

Middelalderklyngen

Status og tidsplan

Status for etableringa av mellomalderklynga.

April 2018
Prosjektkoordinatoren starter arbeidet

April 2018
Etablering av styringsgruppen og oppstartsmøte

Desember 2017

  • Forslag til ei styringsgruppe til skal sendast til universitetsleiinga innan 1. desember
  • Planleggjing av aktivitetar for 2018

September 2017
Prosjektadministrasjonen tek i bruk kontor i Harald Hårfagres gate 1.

Juli 2017
Utlysing av prosjektkoordinator-stilling for mellomalderklynga. Prosjektkoordinatoren skal primært drive med utadretta verksemd.

Juni 2017
Ei arbeidsgruppe er sett ned for å starte arbeidet med å etablere ei mellomalderklynge ved UiB. 

Mai 2017
Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin, vart utpeika som fagleg leiar for klynga.

April 2017
Mellomalderklynga fekk etableringsstøtte for ei treårsperiode.

November 2015
I november 2015 arrangerte Det humanistiske fakultet, i samarbeid med fleire samarbeidsparnarar i Bergen, ei innhaldsrik mellomalderveke. Programmet var todelt og bestod av ein vitskapeleg konferanse og eit populærvitskapeleg program for eit allment publikum:

  1. Exploring the Middle Ages (500–1600)
    Konferansen fann stad i Universitetsaulaen og omhandla eit breidt spekter av emne frå middelalderstudiar i Bergen: historie, filologi, arkeologi, musikk, rettshistorie, kunsthistorie, palaeografi og kodologi, litterære studier og religionsstudier. Konferansen varte i tre dagar og samla 200 mellomalderforskarar frå heile Europa.
  2. Middelalderuken
    Den populærvitskaplege delen av programmet skulle vise breidda i mellomalderforskinga i byen og auke merksemda om Bergen som mellomalderby. I løpet av denne veka fekk bergenserane møte ein livleg og fargerik tidsalder og lære meir om mellomalderens kultur og historie, gjennom foredrag, omvisingar, familieaktivitetar, bokbad, utstillingar og konsertar.

Arrangementet ga retning for det vidare arbeidet med å etablere ei mellomalderklynge.