middelalderuken
Vikingtid og marknadskrefter
Vikingtida blir i dag framstilt av mange ulike aktørar. Er formidlinga av ho basert på forsking eller myter? Bli med på debatt på Litteraturhuset 16. oktober.

Eit brennande vikingskip under ei vikinggravferd, illustrert av Arkikon, eit firma som har spesialisert seg på illustrasjon og rekonstruksjonar av forhistoriske- og historiske tema.
Foto/ill.:
Arkikon
Hovedinnhold
I Vikingtida tok nordmenn for alvor i bruk sjøvegen. Dei plyndra, koloniserte, dreiv handel og oppretta kontaktar til store delar av Nord-Europa. Vikingane skaffa seg på godt og vondt eit ry som framleis fascinerer.
Vikingtida blir i dag framstilt av mange ulike aktørar – forskarar, museum og kommersielle verksemder. Er formidlinga som musea og dei kommersielle driv med basert på forsking eller myter? Er kunnskapen frå forskaren lett tilgjengeleg? Kor viktig er det å gje eit mest mogleg riktig bilde av historia og kulturen?
Deltakarar:
- Ragnar Børsheim frå Arkikon, jobbar med illustrasjon og rekonstruksjonar av forhistoriske- og historiske tema
- Solveig Midtbø frå Sagastad, eit viten- og presentasjonssenter for vikingtida
- Frode Tufte frå Viking Valley i Gudvangen, ein vikingby der vikingtida og vikingane si historie vert formidla
- Espen Kutschera, formidlar ved Bymuseet i Bergen
- Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie, Universitetet i Bergen
- Else Berit Eikeland, Noregs ambassadør til Irland
Debattleiar: Gunnar Wiederstrøm
Gratis