Hjem
Middelalderklyngen
utstilling

Skattar frå gravene

På Universitetsbiblioteket kan du lære om norsk-irske forbindelsar. Utstillinga viser arkeologisk materiale frå Irland, funnet i gravhaugar i Noreg.

Gravhaug frå mellomalderen
Mykje av informasjonen vi har om vikingane sitt liv her heime kjem frå graver, ofte frå mellomstore gravhaugar, rikt utstyrt med smykker i kvinnegraver og våpen i menns graver.
Foto/ill.:
Liv Helga Dommasnes

Hovedinnhold

OPNING AV UTSTILLINGA: Tysdag 16. oktober kl. 14.30
ved førsteamanuensis i arkeologi, Alf Tore Hommedal, Universitetsmuseet i Bergen

Arkeologisk materiale funnet på Vestlandet vitnar om sterke kontaktar mellom Vestlandet og Irland i vikingtid. Mange av vikingtidsgravene på Vestlandet, særleg kvinnegravene, inneheld gjenstandar frå Irland. Ein god del av dette kom til landet som plyndringsgods, sjølv om det etterkvart også vart meir fredelege kontaktar, som handel. Kontakten vestover førte også med seg kristne impulsar til Vestlandet, og ein av dei mest kjente helgenane i Noreg, St. Sunniva, skal ha vore ei irsk prinsesse.  

Desse arkeologiske funna er utgangspunktet for posterutstillinga du kan sjå på Universitetsbiblioteket i Bergen i oktober.

Mange av gjenstandane kan òg sjåast på Universitetsmuseet si utstilling Vikingskatten – De stjålne gjenstandene.

Gratis