Bryggen som verdsarv
Kva er det som gjer Bryggen til ein verdsarvstad? Bli med verdsarvkoordinatoren på ei omvising 15. oktober.

Hovedinnhold
Bergen blei grunnlagd på 1000-talet og vert rekna som ein av dei eldste store handelshavnene i Nord-Europa. Bryggen med dei tradisjonelle trebygningane var i mellomalderen eit livleg sentrum for internasjonal handelsverksemd.
Bryggen i Bergen vart i 1979 som ein av dei første norske stadene skriven inn på lista over verdas kultur- og naturarv.
Kva er dei framståande universelle verdiane til Bryggen? Dette er ein verdsarvstad som snart har hatt denne statusen i 40 år. Kva utfordringar ser ein i dag og kanskje ville verdsarvstaden blitt definert litt annleis idag, litt endra grenser, kanskje? Dette er ei utvikling som er naturleg, verdsarv har endra seg i tråd med endra retning innafor akademia.
Byvandringa er i regi av Byantikvaren, ved verdsarvskoordinator Hege Bakke-Alisøy.
Gratis