Hjem

Middelalderklyngen

frokostmøte

Frokostmøte om Magnus Lagabøtes landslov

I nesten fire hundre år var Magnus Lagabøtes landslov med på å forme befolkninga sitt liv. Kvifor fekk Noreg landslov før nesten alle andre? Professor Jørn Øyrehagen Sunde innleier.

Faksimile frå Landslova
Eit manuskript av Landslova som ligg på Nasjonabiblioteket i Oslo, og som er frå perioden 1350-1400.
Foto:
Creative Commons

I august kom Codex Hardenbergianus til Noreg etter 500 år i Danmark. Dette er den viktigaste og vakraste av alle kjende utgåver av landslova, og det er ei stor hending at ho no er blitt tilgjengelig ved det norske Nasjonalbiblioteket. Som eitt av dei fyrste kongerika i Europa blei Noreg samla under ei lov mellom 1274 og 1276. I nesten fire hundre år var Magnus Lagabøtes landslov med på å forme befolkninga sitt liv. Kvifor fekk Noreg landslov før nesten alle andre? Kva bygde ho på? Korleis virka ho i samfunnet i tida ho blei skrive? Og kva spor kan ein finne av ho i dagens lovgjeving?

Professor Jørn Øyrehagen Sunde gjer ei kort innleiing om landslova på mezzaninen på Universitetsbiblioteket i Bergen kl. 08:30, onsdag 14. november.