Hjem
Middelalderklyngen
studietilbod

Mellomalderstudiar i Bergen

Ved Universitetet i Bergen kan du studere mellomalderen på både bachelor- og masternivå. Du finn mellomalderemne innan mange ulike fag, først og fremst knytt til vår europeiske historie og kulturarv.

Gruppeledere søkes
MELLOMALDERSTUDIAR: Som student ved Universitetet i Bergen har du mange moglegheiter til å studere mellomalderen.
Foto/ill.:
Emil Breistein

Krosstog, storslagne katedralar og pestepidemiar er tre kjende innslag frå mellomalderen. Litt mindre kjend, men vel så viktig, er grunnlegginga av universitetet og det europeiske statssystemet. Det er ikkje feil å hevde at mellomalderen skapte mykje av det europeiske kulturlandskapet og gav opphav til språk, litteratur og kunst for dei fleste europeiske nasjonane. Mellomalderen var såleis ikkje ein "mørk" periode. Tvert om, den var mangfaldig.

Universitetet i Bergen tilbyr ulike emne som på kvar sine måtar gir grunnleggjande innsikt i den mangfaldige perioden frå 500–1500 e.Kr. Ulike fag handsamar den same perioden i europeisk historie frå ulike vinklar og perspektiv, det vere seg den materielle, sosiale eller boklege kulturen.

Studieprogram med høve til fordjuping i mellomalderstudiar:

Bachelor

Master


Emne i mellomalderstudiar på bachelor- og masternivå: