Hjem
Middelalderklyngen
kalkfestival

Bergen – grunnlagd på kalk og stein!

Mellomalderbyen Bergen er grunnlagd på to sentrale bygningsmaterial: Naturstein og kalk. Velkommen til seminar 28. mai, der vi vil sjå på historia og handverkstradisjonar, men også skue framover i tid.

Fastings Minde
Foto/ill.:
Thomas Vindal Christensen, UiB

Bergen er ein mellomalderby. Som elles i Europa er han grunnlagd på to sentrale bygningsmaterial: Naturstein og kalk. Seminaret vil vise glimt frå denne historia og peike mot framtida: Korleis tek ein vare på ein by grunnlagd på stein og kalk?

Program

11.30–12.00

Oppmøte, registrering, kaffi

12.00–12.05

Velkommen

Ved Even Berge, eigedomsdirektør

12.05–12.15

Kalking av Fastings Minde

Åse Tveitnes. Åse er seniorarkitekt ved UiB og styremedlem i ICOMOS Norge. Ho er kulturminneansvarleg for restaureringa av Fastings Minde og prosjektleiar for Kalkfestivalen. No restaurerar ho med kalk. Korfor gjer ho det?

12.15–13.00

Kalk til Bergen i 1000 år. Frå det lokale og regionale til det internasjonale.

Per Storemyr. Bergen fekk den kortreiste kalken sin frå Vestlandet i mellomalderen, m.a. frå Sunnhordland. No kjem det langreiste industriprodukt frå Bordeaux. Per fortel korfor. Han er geoarkeolog og kalkbrennar, jobbar ved Kvernsteinsparken i Hyllestad og i Fabrica kulturminnetjenester.

13.00–13.30

Frå mellomalderkyrkjer til lysthus. Steinbyen Bergen.

Øystein Jansen. Øystein er geolog frå UiB. Han er den som kjenner bygging med naturstein i Bergen gjennom historia betre enn nokon. Han tek oss med på ei reise i stein i byen. Frå mellomalderen til i dag. Korfor er det så viktig at vi tek vare på denne historia?

13.30–14.15

Kaffipause og omvising i geologiutstillinga ved museet

Geologien på Vestlandet er heile grunnlaget for kulturhistoria. Grunnlaget for stein og kalk i mellomalderen. I Bergen. Øystein Jansen er guide.

14.15–14.45

Med kalk som byggjemateriale. Å organisera ein byggjeplass i mellomalderen

Morten Stige. Å byggja og restaurera med tradisjonskalk kan vere krevjande. Morten fortel korleis ein løyste problema i mellomalderen og fram til moderne tid. Han er kulturhistorikar, med fartstid frå Riksantikvaren og Byantikvaren i Oslo, med eit stort hjarte for Bergen. Han jobbar no i Fabrica kulturminnetjenester.

14.45–15.15

Høge temperaturar: Å brenna tradisjonskalk i dag

Tore Granmo. Tore brenn tradisjonskalk for restaurering! Han fortel korleis ein gjer det. Han fortel om ei rekkje med kalkbrenneprosjekt i Noreg i dag: Hamar, der Tore driv som privat murar, men og i Hyllestad, Trondheim, Hardanger og fleire med. Korleis kan ein produsera for restaurering i framtida?

15.15–15.45

Å bruka kalk på tradisjonell måte: Nokre døme frå Vestlandet

Espen Marthinsen. Espen er tradisjonshandverkar, med mur som spesialitet. Han jobbar i Forsvarsbygg og har fagleg ansvar for restaureringa av m.a. Rosenkrantztårnet og Kinn mellomalderkyrkje. Espen fortel om aktuelle prosjekt som har sine røter i mellomalderen sin bruk av kalk. Korfor er det så viktig å bruka kalk på dei gamle steinbygningane?

15.45–16.00

Spasertur til Fastings Minde, kaffi på byggeplassen

16.00–18.00

Demonstrasjonar og diskusjonar. Kalklesking, kalkhandverk og muring, glimt frå historia til Fastings Minde

Terje Berner, Tore Granmo, Haakon Aase, Per Storemyr, Åse Tveitnes m.fl. På byggeplassen Fasting Minde vil vi vise deg korleis tradisjonskalk nyttast i praksis, for restaurering. Vi tek for oss heile produksjonslinja, frå lesking av kalk til bruk på muren. Mykje moro og praktisk arbeid i eit uhøgtidleg miljø.

Seminaret er gratis og ope for alle interesserte!