Det kom eit skip til Bjørgvin
Velkommen til debatt om by, smitte og helsevesen i mellomalderen.

Hovedinnhold
Svartedauden var katastrofal, og tok livet av meir enn halvparten av befolkninga. Pesten vart gjerne forklart som Guds straff for menneska sine synder. Medan vi i dag beskyttar oss mot koronapandemien med handvask og heimekontor, var «krisetiltak» som vart sett inn i mellomalderens Bergen fleire dagar med botsgang og intens bøn. Spelte byane likevel ei rolle som spydspiss i helsestell med sine hospits og fattighus i kyrkjer og kloster? Eller var det nettopp i byane faren for smitte var størst?
Kan vi sjå parallellar mellom fortidas og dagens krisehandtering? Gjer koronapandemien at vi betre forstår korleis folk opplevde Svartedauden i mellomalderen? Kan vi forstå fortvilinga og frykta dei må ha kjent då sjukdom og død herja i Europa?
Gøril Grov Sørdal frå NRK er debattleiar.
I panelet:
- Ole Didrik Lærum, professor i patologi og kreftforskar ved Københavns Universitet / Rigshospitalet i København
- Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis mellomalderarkeologi, Universitetsmuseet i Bergen
- Ingvil Brügger Budal, professor i nordisk språkvitskap, Høgskulen på Vestlandet
- Else Mundal, professor emerita, norrøn filologi, Universitetet i Bergen
- Geir Atle Ersland, professor i historie, Universitetet i Bergen
Arrangementet er gratis!
Her kan du sjå opptak av debatten: