Hovemadonnaen i ny form
Kom og høyr om den gjenskapte Hovemadonnaen, Maria med barnet frå Hove kyrkje, no utstilt på Universitetsmuseet i Bergen.

Hovedinnhold
Førsteamanuensis i mellomalderarkeologi, Alf Tore Hommedal, vil fortelje om gjenskapinga av Hovemadonnaen. Kunstverket, skapt 2017–2020 av Treskjærerverkstedet, står no utstilt ved Universitetsmuseet i Bergen. Der står no også den originale Hovemadonnaen frå 1200-talet utstilt – etter å ha vore ca. 600 år i Vik.
Gjenskapinga kopierer ikkje berre originalen slik han no står prega av å vera 750 år. Den nye Hovemadonnaen har også fått nyskapte delar der den originale har sår, manglar og falma fargar. Den nye madonnafiguren er ein freistnad på å gjenskapa originalen slik han kan ha stått som ny i Hove kyrkje.
I mai 2022 skal den gjenskapte Hovemadonnaen – Maria med barnet frå Hove kyrkje – til Hove kyrkje i Vik i Sogn, i hennar rette ramme. Til den tid kan du oppleva henne ved museet i Bergen. Der kan du også sjå anna frå Vik, som bygningsdelar frå ei eldre stavkyrkje på Hopperstad og den kunstferdige jarnlåsen frå kyrkja på Flete, Framfjorden.