Hjem
Middelalderklyngen
kurs

UTSATT TIL VÅREN: Kurs i digital formidling for ph.d.-kandidatar

Skriv du doktorgradsavhandling med mellomalderen som tema? Lær å formidle forskinga di digitalt, på ein kortfatta og engasjerande måte på eit to-dagars kurs i regi av mellomalderklynga.

Digital formidling
Lær å formidle forskinga di gjennom produksjon av korte videosnuttar.
Foto/ill.:
Vanilla Bear Films / Unsplash

Hovedinnhold

Velkomen til eit to dagars kurs i digital formidling!

Første dagen vil du få ei grunnleggande innføring i videoproduksjon. Du får også hjelp til manusarbeid og spissing av bodskap, og dessutan gode råd om korleis du kan bruke stemma di og andre språklege virkemidlar. 

Etter første kursdag har du litt over ei veke på deg til å lage ein videosnutt der du fortel om eiga forsking. Vurdering og tilbakemeldingar vil bli gitt på kursets andre dag. Då får du også råd og tips om korleis du kan drive fagleg formidling i sosiale media. 

Lunsj er inkludert begge dagar.

Dag 1 (15. november kl. 9–15)

Kl. 09–11                      

Videoteknisk
Kurshaldar er Andre Giæver Kvalvågnes, rådgjevar ved UiB læringslab

  • Grunnleggande prinsipp (mål, målgrupper, format/sjanger)
  • Tekniske aspekt (lyd, visuelle element, utstyr)
  • Produksjonsprosessen (manus, planlegging, opptak, redigering, distribusjon)
Kl. 11–12

Workshop
Arbeid med skript/manus
Råd og rettleiing ved Kvalvågnes

Kl. 12–13Lunsj
Kl. 13–14

Workshop
Arbeid med skript/manus
Råd og rettleiing ved Kvalvågnes

Kl. 14–15     

Presentasjonsteknikk
Instruksjon i presentasjonsteknikk, stemmebruk etc. ved Ingvill Rosenlund. Ho har blant anna lang erfaring med coaching i samband med Forskar Grand Prix.

      Dag 2 (25. november kl. 9–15)

      Kl. 09–10                 

      Formidling i sosiale media
      Kva kan du som forskar bruke sosiale media til? Kva får du igjen for tida du brukar og kva treng du for å kome i gang?

      Kl. 10–12   

      Gjennomgang av videosnuttane
      Stipendiatane viser fram resultatet av arbeidet (videofilm). Resultata blir gjennomgått og vurdert av kurshaldar og fagleg rettleiarar.

      Kl. 12–13Lunsj
      Kl. 13–15

      Gjennomgang av videosnuttane
      Stipendiatane viser fram resultatet av arbeidet (videofilm). Resultata blir gjennomgått og vurdert av kurshaldar og fagleg rettleiarar.


      Etter kurset

      Dei ferdige filmane vert lagt ut på facebooksida og nettsidene til mellomalderklynga – for dei som ønskjer det.